EQUIS-delegasjon i gang med arbeidet

Equis peer review visit 2011 (Foto: Hallvard Lyssand)

Utsendingane som skal vurdera NHH med omsyn til fornya EQUIS-akkreditering er i gang med arbeidet.

22.03.2011 - Hallvard Lyssand


European Quality Improvement System (EQUIS) er eit internasjonalt system for kvalitetssikring, forbetring og akkreditering av utdanningar innan økonomi og administrasjon.

Akkrediteringa skjer i regi av European Foundation for Management Development (EFMD) og er rekna som eit kvalitetsstempel.

NHH vart akkreditert første gang i 2001, og reakkreditert for fem nye år i 2006.

No er ein ny reakkrediteringsprosess inne i ein sentral fase.

Ein sentral del av akkrediteringa er ei fagfellevurdering utført av ein EFMD-delegasjon.

Tysdag morgon inntok ein delegasjon på fire møterommet i 9. etasje i høyblokken.

Der skal dei ha base fram til torsdag medan dei går gjennom materiale NHH har samla inn og intervjuar rektorat og representantar frå fagstaben, administrativ leiing, studentar, styremedlemer, alumni og bedriftspartnarar.

Gruppa som vitjar NHH er sett saman av tre akademikarar og ein næringslivsrepresentant.

Ho vert leidd av professor Peter Wolnizer frå University of Sydney Business School.

Han har med seg professor Ian Clarke frå Newcastle University Business School, professor Ulrich Hommel, som er Associate Director, Quality Services i EFMD og Peter Otten, som har vore HR-direktør i Shell.

Når komiteen har gått gjennom dokumentasjon og gjennomført intervju m.m., skriv dei ein rapport etter ein fastsett standard og kjem med ei tilråding til EFMD-styret, som tek den endelige avgjerda i høve til reakkreditering.

Prossesen har tre mogelege utfall: Full femårig akkreditering, redusert treårig akkreditering eller at NHH ikkje blir reakkreditert. Som del av prosessen vil det også bli peikt på område som institusjonen bør styrka eller utvikla.

Svaret er venta i juli 2011.

Equis peer review visit 2011 (Foto: Hallvard Lyssand)
EQUIS-delegasjonen som skal "fagfellevurdera" NHH tok tysdag plass i 9. etasje. Frå venstre: Peter Otten, som har vore HR-direktør i Shell, professor Ian Clarke frå Newcastle University Business School, komitéleiar professor Peter Wolnizer frå University of Sydney Business School og professor Ulrich Hommel, som er Associate Director, Quality Services i EFMD.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive