Alumninettverk i vekst

NHH Alumni

Talet på medlemer i NHH sitt alumninettverk aukar stadig, og ei av sakene som skaper størst engasjement er NHH sitt 75-årsjubileum. Då passar det bra med ein stor alumnifest i Oslo i anledning jubileet.

28.03.2011 - Hallvard Lyssand


- NHH Alumni er definitivt i framgang. Nettverket har no 5700 medlemer og aktiviteten på alumninettsidene er aukande. Sidan vi lanserte dei nye sidene i mai i fjor har vi hatt ei tjuedobling i talet på brukarar. Vi er no oppe i 2300 brukarar per månad, og målet er sjølvsagt å veksa vidare, seier avtroppande alumnikoordinator, Kristoffer Erikstad.

Medan amerikanske utdanningsinstitusjonar har sterke tradisjonar for å organisera nettverk for sine tidlegare studentar, har denne typen arbeid hatt lågare prioritet i Noreg og andre europeiske land.

Utgangspunktet for NHH si satsing på å byggja eit alumninettverk kom i samband med EQUIS-akkrediteringsprosessen i 2001. Komiteen som fagfellevurderte høgskulen tilrådde at det vart satsa meir på alumnirelasjonar.

Det vart oppretta eit styre som fekk ansvaret for prosjektet, og i 2003 vart NHH Alumni lansert med ei eiga nettside.

- Med tanke på at Facebook ikkje vart lansert før i 2004 var NHH faktisk tidleg ute med eit nettbasert sosialt nettverk, seier Erikstad.

Å vera medlem av NHH Alumni er gratis, og i tillegg til nettsider med ulike typar informasjon og tenester vert det m.a. arrangert alumnitreff av både fagleg og sosial karakter.

Tre satsingar

Som nemnt vart det lansert nye alumnisider i fjor vår. Med desse kom ei rekkje nye tilbod.
- Vi har primært satsa på tre ting, seier Erikstad.

- Det første er arkivmateriale. Vi har scanna og lagt ut 30 årgangar av K7 Bulletin ("Bulle"), alle utgåver av informasjonsbrosjyren "Vi begynner på NHH" frå første utgjeving til siste i 2003, og vi har lagt ut mange tusen foto frå arkiva til NHH og NHHS.

- Satsingsområde nummer to er den faglige biten. Alle profilkoordinatorane ved NHH har kome med tilrådingar om fagartiklar som er verd å lesa.

- For det tredje har altså sida ei sosial nettverksløysing à la Facebook.

Jubileumsfest i Oslo

Eit tema som skaper stort engasjement og entusiasme i alumninettverket er NHH sitt 75-årsjubileum. Og alumni som gjerne vil feira sin alma mater, men ikkje kjem seg til Bergen får sjansen til å gå på jubileumsfest i hovudstaden i staden.

Festen finn stad fredag 14. oktober og har fått tittelen "Aulaen kommer til Oslo." Arrangementet blir organisert av ein festkomité av tidlegare studentar med sete i Oslo i samarbeid med NHH Alumni, NHHS sin jubileumskomité og Informasjonsavdelinga.

- Så langt har 1200 personar meld si interesse, og kapasiteten vert truleg på om lag 1800, så det kan bli rift om billettane, fastslår Erikstad.

Kristoffer Erikstad (Arkivfoto: Hallvard Lyssand)
Avtroppande alumnikoordinator Kristoffer Erikstad.

Viktig for omdøme og formidling

- Men kvifor er eigentleg alumniarbeid viktig?

- For det første er det viktig for omdømet til NHH, svarar Erikstad.

- Omdøme vert bygd aller best gjennom "jungeltelegrafen" frå alumni til potensielle nye studentar, og jo betre oppdatert alumni er, jo betre er det.

- For det andre er eit slikt nettverk ein svært god arena for formidling. Og for det tredje kan ein nytta kreftene og kompetansen til tidlegare studentar til beste for NHH og for å styrka høgskulen si verksemd, legg han til.

Sjølv er Erikstad snart ferdig med masterstudiane sine. Då forlét han også 40-prosentstillinga som alumnikoordinator, ein jobb han har hatt i to og eit halvt år.

Etterfølgjaren vil bli tilsett i full stilling på prosjektbasis i tre år.

- Ambisjonen for framtida må vera at NHH Alumni vert ein sentral arena for samfunnskontakt: Det er ein uhyre effektiv arena fordi ein når folk som er genuint interesserte i NHH og høgskulen sitt fagområde i utgangspunktet. Det er viktig å også vera interessert i dei, leggja til rette for debatt, lytta til innspel og laga eit levande nettverk, understrekar Erikstad, og avsluttar med ei oppmoding:

- NHH Alumni er ope for alle fagleg og administrativt tilsette ved NHH, uavhengig av om dei har studert her, og det er viktig for nettverkets vidare utvikling, vekst og truverd at alle tilsette er med.

NHH Alumni


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive