Samla til Beyond Budgeting-seminar

Bjarte Bogsnes, Statoil, Katarina Kaarbøe, NHH (Foto: Hallvard Lyssand)

Gjennom forskingsprogrammet Beyond Budgeting fortsett NHH-forskarar å følgja Statoil i overgang til ei meir dynamisk verksemdsstyring. Sist veke møttest Statoiltilsette og forskarar frå ei rekkje land til seminar på NHH.

11.05.2011 - Hallvard Lyssand


- Vi er i ferd med å verta dei kunnskapsverksemdene som vi har snakka så mykje om, men problemet er at tradisjonell verksemdsstyring ikkje tek dagens røynd på alvor. Ting endrar seg, det må vi også og då trengs ein ny leiarskapspraksis, ikkje "management" frå førre hundreår, seier Bjarte Bogsnes.

Bogsnes har tittelen Vice President - Performance Management Development. Sist veke var han og om lag ti andre Statoiltilsette på Beyond Budgeting-vårseminar ved NHH saman med 15 forskarar frå NHH, og institusjonar i Bodø, Danmark, Tyskland og Austerrike.

Seminaret hadde tittelen Management Control in Time and Space og tok for seg utfordringar i overgangen frå budsjett- og kalenderstyrte, til meir dynamiske verksemdsstyringsformer.

Bort frå budsjetta

Statoil gjekk over til eit budsjettlaust stryringssystem med større vekt på løpande fordeling av ressursar i 2005.

Hausten 2008 innleidde selskapet eit samarbeid med NHH-miljøet i form av forskingsprogrammet Beyond Budgeting. Forskarane skulle m.a. studera konsekvensane av innføringa av dei nye systema.

- Vi følgjer prosessane kontinuerleg, ikkje berre hos Statoil, men også ei heil rekkje andre selskap. Ulike selskap handterar desse prosessane ulikt, men ideen bak er den same: det handlar om å få større dynamikk i styringssystema seier professor Katarina Kaarbøe ved IRRR, som er leiar for forskingsprosjektet.

- Vil bli utfordra

- Heilt konkret prøve vi å koma ut av kalenderrytmen og bli meir "event"-drivne, seier Bogsnes.

- Vårt utbyte av samarbeidet med forskarane er at vi får ei djupare og breiare forståing av kva vi gjer. Vi ønskjer å bli utfordra og å vera sikre på at vi er på rett veg, held han fram, og legg til at Statoil kan læra av andre selskap sine erfaringar.

Halvparten av vårseminaret handla om kva dynamikk inneber, det resterande dreidde seg om utfordringar ved å ha større dynamikk. Blant bidragsytarane var stipendiat Nina Haraldsen frå IRRR og SOL-professor Paul Gooderham.

- Får de nokre aha-opplevingar gjennom desse seminara?

- Vi får ikkje dei store aha-opplevingane kvar gong, men det er stadig noko å læra og alltid noko vi ikkje har tenkt på, seier Bogsnes.

- Vi for vår del får stadig nye idear til forskingsprosjekt, konstaterer Kaarbøe.

Les meir om bakgrunnen for Beyond Budgeting-programmet i tidlegare sak frå Paraplyen

Bjarte Bogsnes frå Statoil og professor Katarina Kaarbøe frå NHH (Foto: Hallvard Lyssand)
Bjarte Bogsnes frå Statoil og professor Katarina Kaarbøe frå NHH var blant deltakarane på Beyond Budgetings vårseminar sist veke.

- Dynamisk styring meir effektivt i krisetider

- Stadig fleire bedrifter innfører eller vurderer dynamiske styringssystem. Det kan t.d. vera meir effektivt i krisetider, seier professor Martin Messner frå Universitetet i Innsbruck.

Blant føredragshaldarane under Beyond Budgeting-seminaret var Martin Messner, som er professor i verksemdsstyring ved Universitetet i Innsbruck.

Messner forskar m.a. på prestasjonsmåling og planleggingsprosessar og utarbeiding av prognosar.

Han var invitert til NHH for å presentera eit prosjekt der han studerer detaljane i planleggingsprosessar for å sjå korleis slike prosessar er sett saman.

- Vi prøver å skildra mikropraksisane som planleggingsprosessar består av og å syna kva utfordringar verksemder kan møta i slike prosessar, forklarar Messner.

Ulike bransjar, ulike utfordringar

Ein del av arbeidet er ein empirisk studie av ei stor multinasjonal produksjonsverksemd med hovudkontor i USA.

Selskapet - som Messner ikkje kan røpa namnet på - har tilliks med Statoil gått inn for å få på plass meir dynamiske planleggingsprosessar og styringssystem, men ikkje i så stor grad.

- Det er likskapar å finna mellom Statoil og selskapet vi har studert, men førstnemnte har kome lengre i sitt arbeid, seier Messner.

Han trekk fram nokre sentrale forskjellar mellom selskapa.

- Statoil er produksjonsdrive. Salssida er meir eller mindre automatisk. Enkelt sagt har oljeselskap alltid kundar, seier Messner.

- For selskapet eg har studert er derimot salsprognosar ein nøkkelfaktor. Dei må veta om det faktisk er etterspurnad etter produkta deira før dei byrjar å produsera. I slike etterspurnadsdrivne bransjar vert ein meir eksponert for endringar på kundesida av marknaden, og det kan gje større planleggingsmessige utfordringar, legg han til.

Professor Martin Messner (Foto: Hallvard Lyssand)
Professor Martin Messner frå Universitetet i Innsbruck forskar på m.a. på styrings- og planleggingssystem.

Frigjering frå kalenderen

I følgje professor Messner er det stadig fleire selskap som innfører eller planlegg å innføra meir dynamiske styringssystem.

- Mange av dei vil møta dei same utfordringane når dei går i gang med implementeringa, konstaterer han.

- Dei fleste verksemder har system som er tett knytt til kalenderen, og måten dei tilsette tenkjer på er knytt til dette. Å bli meir dynamisk handlar om å frigjera seg frå slike band.

Korleis selskapa legg opp prosessen er på ingen måte uvesentleg.

- I selskapet eg har sett på byrja overgangen til meir dynamisk styring i eit dotterselskap med base i England, medan hovudkvarteret i USA fortsette med meir tradisjonelle system. No prøver dei å føra prosessen vidare til globalt nivå.

- I Statoil kom derimot initiativet frå toppleiinga. Det er ein viktig forskjell, fastslår forskaren.

Meir effektivt

Men kva er det verksemdene får att for å blir meir dynamiske?

- Økonomiske krisar er gode døme på store planleggingsutfordringar. Verksemdene har planlagt ut frå ein del føresetnader, men så inntreff ei krise som får alt til å sjå heilt annleis ut.

- I turbulente omgjevnader der føresetnadene endrar seg brått kan ei dynamisk tilnærming vera meir effektiv, konkluderer Martin Messner.



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive