Første samling for lokale CenSES-partnarar

CenSES arbeidsmøte mai 2011 (Foto: Hallvard Lyssand)

- Vi ønskjer å etablera eit forskingsmessig tyngdepunkt i Bergen, sa professor Gunnar S. Eskeland då CenSES-forskara møtte lokale partnarar frå det offentlege og næringslivet til arbeidsmøte måndag.

24.05.2011 - Hallvard Lyssand


Centre for Sustainable Energy Studies (CenSES) er eit virtuelt forskingssenter som vart etablert i 2009 under leiing av NTNU og i samarbeid mellom ei rekkje forskingsinstitusjonar, m.a. NHH og SNF, samt partnarar frå det offentlege og næringslivet.

Senteret legg vekt på studiar og avgjerdsstøtte som fremjar eit nytt berekraftig energisystem. Formålet med forskingsarbeidet er å bidra med eit faktabasert kunnskapsgrunnlag for strategiske avgjerder i forvaltning og næringsliv.

I februar i år var CenSES eitt av tre senter som fekk status som nasjonale forskingssenter for samfunnsvitskapeleg energiforsking (FME).

Totalbudsjettet er på ca 240 mill. kroner over åtte år, eller ca. 30 mill. kroner årleg, derav 10 mill. kroner frå forskingsrådet. I alt er om lag 60 forskarar frå professorar til stipendiatnivå involverte.

Tyngdepunkt

CenSES-aktivitetane vil gå føre seg i ei rekkje byar, og omfattar prosjekt i samarbeid med ulike partnarar frå det offentlege og næringslivet.

Måndag var møttest CenSES-forskarar frå NHH/SNF, NTNU og SINTEF og partnarar frå Bergensområdet til eit første arbeidsmøte. Tilsvarande møte har vore arrangert i Trondheim og Oslo.

- Bergen kommune og BKK har vore med som partnarar gjennom heile søknadsprosessen til forskingsrådet. Men vi vil gjerne involvera fleire, og i dag har vi med ein representant for Entra Eigedom, som er ein stor aktør og ein mogeleg partnar, sa professor Gunnar S. Eskeland frå Institutt for foretaksøkonomi.

Han er blant dei involverte NHH/SNF-forskarane saman med blant andre professorane Mette H. Bjørndal og Leif K. Sandal frå same institutt.

- Møtet dreier seg om å informera alle involverte om kva prosjektet skal vera og kva vi skal gjera. Samstundes vil høyra partnarane sine ønske, forklarte Eskeland.

- Dette er eit svært mangslunge prosjekt med mange forskarar. Vi ønskjer å etablera eit tyngdepunkt her i Bergen, og blant satsingsområda er bymiljø, klima og energieffektivitet. Når det gjeld eit område som energieffektivitet i bygg kan t.d. eit samarbeid med ein aktør som Entra vera nyttig, fortsette han.

Les meir om CenSES på senteret si heimeside

Asgeir Tomasgaard og Gunnar S. Eskeland (Foto: Hallvard Lyssand)
- Vi meinte den offentlege debatten var styrt av særinteresser og til dels lemfeldig omgang med fakta, og at han måtte kunna bli betre, sa NTNU-professor og CenSES-leiar Asgeir Tomasgaard då han presenterte bakgrunnen for prosjektet måndag. NHH-professor Gunnar S. Eskeland til høgre.
Eva Britt Isager, m.fl., CenSES-møte mai 2011 (Foto: Hallvard Lyssand)
Bergen kommune er blant dei lokale CenSES-partnarane. Kommunal klimasjef og NHH-alumni Eva Britt Isager har ordet. Til venstre for henne sit Arne Stokka frå SINTEF og Edvard Skare Stendal frå Entra, til høgre sit Manfei Wang frå kommunen og Toril Hunstad Christensen frå BKK.
CenSES

Forskingsmiljø:
NTNU
NHH
SNF
SINTEF
Universitetet i Oslo,
Høgskulen i Sogn og Fjordane
Vestlandsforsking
IFE

Brukarpartnarar:
Energiselskap
Statoil
NTE
Statkraft
SFE
Troms Kraft
SSF
BKK
Sognekraft

Industri
Hydro
GE

Tenesteleverandørar
Norwea
IntPow
450 Consulting
Runde Miljøsenter

Offentleg verksemd
Innovasjon Norge
NVE
Statnett
Bergen Kommune
Enova
Transnova



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive