NHH tek i bruk kortare engelsk namn

NHH

Frå fredag 1. juli er NHH sitt offisielle engelske namn Norwegian School of Economics. Hovudmålet er likevel å bruka forkortinga NHH meir aktivt som kjenneteikn både nasjonalt og internasjonalt. In English

30.06.2011 - Hallvard Lyssand og James Hosea


NHH sitt fulle engelske namn har lenge vore Norwegian School of Economics and Business Administration. Namnet har likevel vore omdiskutert. Mange har meint at det var for langt og derfor lite føremålstenleg.

Etter ein høyringsrunde ved høgskulen vedtok styret tidlegare i år å korta ned det engelske namnet til Norwegian School of Economics. Vedtaket får verknad frå fredag 1. juli 2011.

- Vi vil ha eit kortare engelsk namn som er enklare i bruk som del av arbeidet for auka internasjonalisering av NHH, seier informasjonssjef Asle Haukaas.

- Samstundes er det viktig å understreka at det er NHH som er høgskulen sitt merke, og målet er at dette skal vera vårt fremste kjenneteikn både nasjonalt og internasjonalt. Vi oppmodar derfor om at ein primært nyttar NHH, og at det engelske namnet vert nytta i sin heilskap dersom det vert vurdert som naudsynt, legg han til.

Bruk av engelsk namn

Retningslinene for bruk av skulen sitt offisielle engelske namn er altså enkle: Forkortinga NHH skal nyttast meir aktivt åleine både i Noreg og i utlandet, for å byggja vidare på situasjonen som han er i dag.

I internasjonale samanhengar der det vert rekna som naudsynt å forklara kva NHH står for kan Norwegian School of Economics nyttast saman med skulen sin logo.

I tilfelle der logoen ikkje er med kan ein bruka NHH Norwegian School of Economics.

Dette gjeld særleg for NHH-tilknyting for forfattarar av vitskaplege artiklar og tilsvarande samanhengar utan logo. Då skal merket og det engelske namnet nyttast saman slik: NHH Norwegian Schoool of Economics.

Nye malar for brevark og presentasjonar m.m. med korrekt engelsk namn er lagt ut på alle PC-ar i NHH-nettet.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive