NHH reakkreditert

EQUIS

Rektor Jan I. Haaland fekk i går den gledelege meldinga at NHH formelt er reakkreditert av EQUIS. Den nye akkrediteringa gjeld som tidlegare for dei komande fem åra. In English

15.06.2011 - Asle Haukaas


- Dette er særs positivt for å halde oppe det høge trykket på auka internasjonalisering av NHH, slik strategien vår tilseier. EQUIS er eit kvalitetsstempel som betyr mykje i internasjonal samanheng. Dette stadfestar at NHH er ein av dei leiande handelshøgskolane, og attraktiv for gode studentar og forskarar frå heile verda, seier Haaland.

EQUIS er eit akkrediteringssystem uvikla av organisasjonen EFMD. I dag er 130 institusjonar frå heile verda akkrediterte i anten fem år (58 institusjonar) eller tre år (71 institusjonar).

I Noreg er det berre Handelshøgskolen BI og NHH som er akkrediterte. For NHH sin del er det no tredje gong sidan 2001.

Fakta

EQUIS (European Quality Improvement System) er eit internasjonalt system for kvalitetssikring, forbetring og akkreditering av utdanningsinstitusjonar innan økonomi og administrasjon. Føremålet er å auke standarden på denne typen utdanning.

Sjølve akkrediteringsprosessen inneheld ei sjølv-evaluering med omfattande dokumentasjon på ulike område, eit besøk av ein internasjonal EQUIS vurderingskomité samt ein vurderingsrapport frå EQUIS. Til saman dannar dette grunnlag for den endelege akkrediteringa.

Akkrediteringa blir fylgt opp med mål for kva ein bør følgje spesielt opp i den kommande perioden.



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive