Møteplass for marknadsføring

Johan Arndt-konferansen

Johan Arndt-konferansen samlar store delar av det vitskaplege marketingmiljøet i Noreg. Torsdag brakar det laus.

08.06.2011 - Knut André Karlstad


- Dette er ein nasjonal konferanse innan marknadsføring, som vandrar mellom institusjonane som utdannar siviløkonomar. Konferansen er i år lagt til NHH sidan det er jubileum, og er ein del av NHH sitt faglege jubileumsprogram, seier Helge Thorbjørnsen ved Institutt for strategi og leiing (SOL).

Arrangøren reknar med at rundt 60 delegatar frå heile landet kjem til NHH i slutten av denne veka. Men det kjem ikkje berre nasjonale deltakarar. Thorbjørnsen og co. kan og skilte med internasjonale toppnamn på plakaten. Professorane Tanya Chartrand, Gavan Fitzsimons (begge frå Duke University) og Ap Dijksterhuis (Radboud University Nijmegen) er store kanonar.

- Dette er veldig store namn innan ubevisste prosessar i marknadsføring, og dei har publisert i tidsskrift som Science og Harvard Business Review, fortel Thorbjørnsen.

Saman med vår eigen Per Egil Pedersen er trioen key note speakers under konferansen, som i tillegg er lagt opp med ei rekkje parallelle sesjonar. Personar som tidlegare har tatt executive MBA i merkevareleiing i regi av NHH Executive har vorte invitert av arrangørane. Dei vil få rik anledning til å få seg fagleg påfyll, samstundes som dei og kan feira kulljubileum.

Johan Arndt vert omtala som den fremste norske marknadsforskaren i historia. Han hadde bakgrunn frå USA, men vart sidan professor både ved NHH og BI. Han sett sterke spor etter seg på begge sider av Atlanteren, innan både forsking og undervisning.

Konferansen varar både torsdag fredag. Du kan sjå heile programmet på http://www.johanarndt.com/.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive