Ledig stilling: Journalistvikar

NHH

NHH søkjer ein journalist i seks månader frå juli 2011. Vikaren skal stå for den daglege oppfølginga av vår internavis og skrive om forsking og andre nyheiter for nettet og forskning.no.

14.06.2011 - Red.


Vi søkjer ein person med god journalistisk teft og kompetanse. Erfaring som redigerar og fotograf er ein fordel. Det same er røynsle med formidling av forsking.

Arbeidsoppgåvene er knytt til internavisa Paraplyen og forskingsjournalistikk. Andre oppgåver ved Informasjonsavdelinga vil òg vere aktuelle. Søkarar må vere språkleg trygge i begge målformer og ha eit rimeleg nivå i engelsk eller andre framandspråk.

Den som vert tilsett må kunne jobbe tett og godt i lag med fagpersonar, studentar og andre i eit travelt og engasjerande miljø. Godt humør, engasjement og samarbeidsevne kjem godt med. Høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå vil bli vektlagt saman med personlege eigenskapar.

Stillinga vert løna etter statens regulativ som 1408 - førstekonsulent i LR 21, lønstrinn 40 - 50, alternativt 1434 - rådgjevar, lønstrinn 52 - 58 for spesielt kvalifiserte søkarar. Frå løna vil det bli trekt to prosent som innskot i Statens Pensjonskasse.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå balanse mellom kjønn og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Ein gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentlege sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkaren vil bli orientert om dette på førehand.

Formidling og informasjon er eit satsingsområde ved NHH og vi kan love utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit godt miljø. Kontakt informasjonssjef asle.haukaas@nhh.no for nærare informasjon om engasjementet.

Søk stillinga på www.nhh.no/stilling innan 25.6.2011.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive