Heidra Trond Olsen med konferanse

Professor trond E. Olsen (Foto: Hallvard Lyssand)

- Vonleg er dette den perfekte gåva til ein framleis høgst aktiv forskar, sa professor Eirik Gaard Kristiansen då han opna konferansen Law and Economics of Contracts, som vart arrangert til ære for professor Trond E. Olsen i høve at han fylte 60 i desember i fjor.

20.06.2011 - Hallvard Lyssand


Konferansen Law and Economics of Contracts fann stad ved NHH sist torsdag og fredag, og samla ei rekkje framtredande forskarar både frå NHH, andre norske og ei rekkje internasjonale institusjonar.

Tematisk spente konferansen over ulike perspektiv knytt til på samspelet mellom juridiske institusjonar, formelle og uformelle kontraktar, fordeling av økonomiske gode og økonomisk vekst.

Arrangementet var til ære for professor Trond E. Olsen ved Institutt for foretaksøkonomi, som fylte 60 år i desember i fjor.

- Olsen har lenge vore innan forsking på ulike aspekt ved kontraktar, og dette er vonleg ei perfekt gåve til ein framleis aktiv forskar, konstaterte professor Eirik Gaard Kristiansen frå Institutt for samfunnsøkonomi då han opna konferansen.

Både Kristiansen og medarrangør, professor Ola Kvaløy frå Universitetet i Stavanger hadde Olsen som rettleiar då dei tok doktorgrad, og har seinare publisert saman med han.

Professor Trond E. Olsen, Law and Economics of Contracts 2011 (Foto: Hallvard Lyssand)
Professor Trond E. Olsen ved Institutt for foretaksøkonomi under konferansen Law and Economics of Contracts. I bakgrunnen sit professor og medarrangør Ola Kvaløy frå UiS.
Eirik Gaard Kristiansen, Law and Economics of Contracts 2011 (Foto: Hallvard Lyssand)
NHH-professor Eirik Gaard Kristiansen opna konferansen.
Professor Patrick Rey, Law and Economics of Contracts (Foto: Hallvard Lyssand)
Konferansen samla deltakarar frå Europa, USA og Japan. Blant bidragyterane var professor Patrick Rey frå Universitetet i Toulouse, som heldt føredraget Vertical Integration, Innovation and Foreclosure.
Mari Rege og Karl Ove Moene, Law and Economics of Contracts 2011 (Foto: Hallvard Lyssand)
Mari Rege frå Universitetet i Stavanger i samtale med professorkollega Karl Ove Moene frå Universitetet i Oslo.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive