Forskingssatsing gjev resultat

Frode Sættem (t.v.) og Øystein Thøgersen (Foto: Hallvard Lyssand)

I løpet av relativt kort tid har unge forskarar ved Institutt for føretaksøkonomi og Institutt for samfunnsøkonomi publisert i nokre av dei absolutte topptidsskrifta på sine felt. - Ein klar indikasjon på at målretta satsing på rekruttering og på publisering i leiande journalar gjev resultat, konstaterer instituttleiarane Frode Sættem og Øystein Thøgersen.

24.06.2011 - Hallvard Lyssand


Under NHH sin sommarfest sist veke vart, tradisjonen tru, årets mottakarar av NHH sin publikasjonsbonus presenterte.

Blant dei fem som har motteke bonus så langt i år er dei veletablerte forskarane Kjell G. Salvanes, Eirik Gaard Kristiansen og professor II Tore Ellingsen, men også dei yngre førsteamanuensane Ragnhild Balsvik (Samfunn) og Trond Døskeland (Føretak/postdoktor på IRRR fram til i vår).

Balsvik fekk publisert ein artikkel i Review og Economics and Statistics i februar i år, medan Døskeland publiserte i juni-utgåva av Journal of Finance saman med Hans K. Hvide frå University of Aberdeen (sjå detaljar om artiklane nedst i saka).

Balsvik og Døskeland er ikkje åleine blant dei nyrekrutterte om å nå opp i leiande publikasjonar.

I oktober i fjor fekk postdoktor Aksel Mjøs og professor Svein-Arne Persson (begge Føretak) bonus for ein artikkel i Journal of Financial and Quantitative Analysis, og postdoktor Ingvild Almås (Samfunn) har fått akseptert ein artikkel i American Economic Review.

Må prestera på topp for å nå opp

Instituttleiarane Øystein Thøgersen og Frode Sættem er naturleg nok nøgde med resultata som vert leverte.

- NHH har eit klart uttalt mål om å verta blant Europas aller fremste business-skular. Vegen dit går gjennom publisering i dei fremste tidsskrifta, og vi ønskjer at flest mogeleg - både etablerte og nyrekrutterte einskildforskarar og forskingsgrupper - presterer heilt oppe på det høgste nivået, seier Thøgersen.

- Lakmustesten på om vi er gode nok er sjølvsagt om vi faktisk når måla våre. Leverer vi varene? spør han vidare, og svarar sjølv:

- Når vi studerer bonuslista ser vi at vi lukkast.

- Resultat vi ser no kjem som følgje av at det i dei seinare åra er blitt meir fokus på forsking og publisering, og at NHH har satsa målretta på å få arbeid fram til publisering i internasjonale toppjournalar, supplerer Frode Sættem.

Instituttleiarane Frode Sættem frå Føretak og Øystein Thøgersen Samfunn (Foto: Hallvard Lyssand)
Instituttleiarane Frode Sættem frå Føretak (t.v.) og Øystein Thøgersen Samfunn.

Kvalitetsstempel

- Når det gjeld dei aktuelle arbeida til Almås, Balsvik, Døskeland og Mjøs er det også eit poeng at alle artiklane i utgangspunktet spring ut av doktorgradsarbeid her ved NHH, held Sættem fram.

- At kandidatar frå vårt doktorgradsprogram leverer avhandlingar på eit nivå som gjer at artiklar herfrå etter kvart kan hamne i dei absolutt leiande tidsskrifta er eit kvalitetsstempel.

Thøgersen meiner at publiseringslista også reflekterer ein rekrutteringssuksess.

- Folk er knapt varme i stolen før dei leverer. Det gjeld både folk vi har rekruttert frå NHH sitt doktorgradsprogram og folk vi har rekruttert internasjonalt. Eg trur vi har funne ein god rekrutteringsmessig balanse, seier han.

- Resultata handlar delvis om at vi er blitt meir medvitne om korleis vi rekrutterer. Vi sleng ikkje lenger berre inn ei annonse og ser kva som skjer, fortsett Thøgersen.

- Samstundes får dei som vert tilsette i postdoktor- og assistant professor-stillingar rom til verkeleg å prioritera forsking, avsluttar han.

Artiklar:

Ingvild Almås: "International Income Inequality: Measuring PPP Bias by Estimating Engel Curves for Food," antatt i American Economic Review. Les meir i sak på Paraplyen

Ragnhild Balsvik: "Is Labor Mobility a Channel for Spillovers from Multinationals? Evidence from Norwegian Manufacturing," Review of Economics & Statistics, Vol. 93, no. 1, 2011, pp. 285-297. Les meir i sak på Paraplyen

Trond Døskeland og Hans K. Hvide: "Do Individual Investors Have Asymmetric Information Based on Work Experience?" The Journal of Finance, Vol. LXVI, no. 3, 2011, pp.1011-1041.

Aksel Mjøs og Svein Arne Persson: "Level-Dependent Annuities: Defaults of Multiple Degrees," Journal of Financial and Quantitative Analysis, Vol. 45, no.5, 2010. Les meir i sak på Paraplyen

Oversikt over publikasjonsbonusar ved NHH


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive