Arrangerer sommarskule for forskarar

Bergen Summer Research School

Frå 20. juni til 1. juli er PhD-studentar frå heile verda samla til den fjerde utgåva av Bergen Summer Research School on Global Development Challenges. NHH er representert ved professorane Trine Dahl og Victor D. Norman.

16.06.2011 - Hallvard Lyssand


Bergen Summer Research School on Global Development Challenges (BSRS) vert arrangert i samarbeid mellom UiB, NHH, CMI, HiB og UniResearch.

Målet er å produsera og spreia forskingsbasert utdanning som kan bidra til å løysa sentrale globale utfordringar som oppstår i ein stadig meir kunnskapsbasert, kompleks, multikulturelt og religiøst mangfaldig globalt samfunn med store ulikskapar.

Tematikken spenner frå klimaendringar og miljøproblem, via helseutfordringar til fattigdomsspørsmål.

Årets tema er Norms, values, language and culture, og det er venta 75 PhD-studentar frå heile verda.

Deltakarane har tilbod om delta på ei rekkje kurs.

Blant desse er Climate change narratives. Language use in the circulation of climate knowledge, der professor Trine Dahl ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon er kursleiar.

Dahl er også medlem av BSRS sin vitskaplege komité.

Opne arrangement

BSRS har også ei rekkje arrangement med som er opne.

Fredag 24. juni er det til dømes eit ope debattmøte i samarbeid med Bergen Næringsråd under tittelen Culture as a commodity in global trade.

Her deltek m.a. professor Victor D. Norman frå Institutt for samfunnsøkonomi.

Han har kalla innlegget sitt "Commodification of culture: An economist's perspective."

Les meir om BSRS på heimesidene deira

Sjå ei oversikt over BSRS sine opne arrangement


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive