Skrifta er på veggen

Eine målar på NHH (Foto: Hallvard Lyssand)

Måndag føremiddag gjekk gatekunstnaren Eine laus på nordveggen på aulaen med sprayboks. Eine sitt verk er det første bidraget i det jubileumsrelaterte kunstprosjektet "__________ capitalism?" In English

05.07.2011 - Hallvard Lyssand


I høve NHH sitt 75-årsjubileum er det innleidd eit samarbeid med ei rekkje internasjonalt kjente gatekunstnarar som skal utfalda seg på utvalde NHH-veggar.

Måndag kom den engelske kunstnaren Eine direkte frå eit oppdrag ved Roskilde-festivalen i Danmark til Helleveien og gjekk i gang med å måla på nordveggen til aulaen. Han vart assistert av Steph i korga, og fekk innspel av kunstnarkollega og produsent Dotmaster frå bakkenivå.

Som tittelen "__________ capitalism?" antyder er målet å få til ein eller annan form for dialog mellom den tradisjonelt opposisjonelle gatekunsten og NHH som representant for det etablerte.

Gjennom samarbeid med den svært anerkjente gatekunstfestivalen Nuart i Stavanger er NHH sikra deltaking frå toneangivande gatekunstnarar.

Eine har elles slept gjennom nålauga hos "the establishment" tidlegare. Han er den einaste gatekunstnaren som har arbeidet sitt hengjande i Det kvite hus etter at statsminister David Cameron gav president Barack Obama eit Eine-bilete i gåve i samband med eit statsbesøk i 2010.

Dei fire resterande kunstnarane kjem til NHH i slutten av juli.

Les meir om prosjektet i sak frå Paraplyen

Følg prosjektet på Facebook

Panserskisse (Foto: Hallvard Lyssand)
Panserskisse: Eine teiknar ei kulepennskisse før start, sekundert av Dotmaster.
Lifttest (Foto: Hallvard Lyssand)
Lifttest: Kunstnaren gjer seg kjent med liften assistert av Dotmaster (t.v.). Assistenten Steph ristar klar ein sprayboks.
Rosarulling (Foto: Hallvard Lyssand)
Rosarulling: Eine og Steph har byjra å stava "Controverse."
Frokost i det grøne (Foto: Hallvard Lyssand)
Frokost i det grøne. Frå venstre: Dotmaster, Steph, NHH-student og lokal fiksar Øyvind Sævig, Martyn Reed frå Nuart og Eine.
Gatekontor, Martyn Reed (Foto: Hallvard Lyssand)
Gatekontor: Martyn Reed og uidentifisert entreprenør jobbar.
Controversialcalculatecash (Foto: Hallvard Lyssand)
Controversialcalculatecash: Framdrift etter dag 1.
Knivskarp (Foto: Hallvard Lyssand)
Knivskarp: Eine med kniv og måling.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive