Kombinerer Sandmo Lecture og jubileumsseminar for SNF

NHH i snø (Arkivfoto)

Tysdag 18. januar er det klart for 2011-utgåva av The Sandmo Lecture on Public Policy. Samstundes vert SNF sitt 20-årsjubileum markert med eit seminar i tilknyting til Sandmo-førelesinga.

13.01.2011 - Hallvard Lyssand


The Agnar Sandmo Lecture on Public Policy vart etablert til ære for professor Agnar Sandmo då han fylte 70 år i 2008. Kvart år i januar vert ein internasjonal toppøkonom invitert til NHH for å halda førelesinga.

Gjesten i NHH sitt jubileumsår er Richard Blundell (f.1952), som er Ricardo Professor of Political Economy ved University College London (UCL) og forskingsdirektør ved Institute for Fiscal Studies.

Blundell sitt føredrag har tittelen "Empirical Evidence and Tax Reform."

- UCL sitt forskingsmiljøet innan empirisk økonomi er svært sentralt på verdsbasis, og Blundell har fått mykje av æra for oppbygginga av dette miljøet, seier professor Kjell Salvanes, som føreslo Blundell som Sandmo-førelesar.

- I tillegg til å vera institusjonsbyggjar er Blundell ein sentral fagperson som har gjort viktige arbeid på ei rekke felt. Han har t.d. arbeidd med tema som skatt og arbeidstilbod innan offentleg økonomi, og bidrog til ei stor evaluering av skattesystemet i England nyleg, som fekk stor merksemd. Vidare er han sentral i makroøkonomi grunna empiriske studiar av konsum, har gjort viktige arbeid innan utdanningsøkonomi og meir teoretisk arbeid innan økonometri. Han er kort fortalt veldig sentral og nyt stor respekt, seier Salvanes.

- NHH har dessutan tett kontakt med miljøet ved UCL, og mange herfrå dreg dit, legg han til.

SNF fyller 20

Samstundes som NHH fyller 75 år kan SNF feira at det er 20 år sidan Senter for anvendt forsking, Industriøkonomisk institutt og Center for International Business fusjonerte til Samfunns- og næringslivsforskning.

Feiringa vert eit jubileumsseminar i tilknyting til Sandmo Lecture med bidrag frå fem unge forskarar frå ulike utdannings- og forskingsinstitusjonar i alle dei nordiske landa.

- Vi tykkjer det er spennande å la yngre forskarar få presentera sine ting. SNF si rolle er m.a. å bidra til å skapa ein god rekrutteringsbase for forsking, og då må dei unge få arenaer å utvikle seg på, seier SNF-direktør Per Heum.

Programmet er sett saman av Kjell Salvanes.

Blant bidragsytarane er Magne Mogstad (f. 1980) frå SSB og ESOP-senteret ved Institutt for samfunnsøkonomi ved UiO.

Mogstad er årets mottakar av The Sandmo Junior Visiting Fellowship in Public Policy - eit gjestestipend som NHH oppretta samstundes som Sandmo Lecture, og som er reservert for særleg lovande forskarar under 40 år.

- Sidan både Blundell og Mogstad er opptekne av empirisk økonomi vart det naturleg å knytta resten av seminaret til dei og ha eit felles tema. Samstundes er tanken å sjå framover ved å presentera nokre unge, flinke skandinaviske økonomar og visa kva dei arbeider med, seier Salvanes

I tillegg til Blundell og Mogstad deltek Katrine Løken (f. 1983) frå UiB, som tidlegare har vore tilknytt ulike SNF-prosjekt.

Frå nabolanda kjem høvesvis Peter Nilsson (Uppsala Universitet/Stanford), Kristiina Huttunen (University of Helsinki) og Anna Piil Damm (Aarhus Universitet).

Sjå detaljert program for seminaret lengre nede på sida.

The Agnar Sandmo Lecture on Public Policy 2011
Professor Richard Blundell, University College London
Dato: Tysdag 18. januar
Tid: 12.15-13.45
Stad: Agnar Sandmos aud.

SNFs jubileumsseminar
Dato:
Tysdag 18. januar
Tid: 09.00-15.20
Stad: Agnar Sandmos aud.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive