Dobbel prisutdeling

Ola Kvlaøy og Hans Olav Melberg (Foto: Hallvard Lyssand)

Torsdag kveld kunne førsteamanuensis Kristoffer W. Eriksen frå UiS inkassera Forlagenes fagpris (FIBE-prisen), medan UiO-forsker Hans Olav Melberg fekk Samfunnsøkonomenes artikkelpris for 2010.

07.01.2011 - Hallvard Lyssand


Kvart år i samband med FIBE-konferansen vert det delt ut ein pris til beste konferansebidrag frå ein forskar under 35 år. Like årvisst deler Samfunnsøkonomene ut Artikkelprisen til det som ein jury vurderer som fjorårets beste artikkel i Samfunnsøkonomen eller Norsk økonomisk tidsskrift.

Sidan FIBE og Forskermøtet vart arrangert parallelt i år, vart det dermed to prisutdelingar under festmiddagen i NHHs aula torsdag kveld.

Forlagenes fagpris

Førsteamanuensis Kristoffer Wigestrand Eriksen frå Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger er årets vinner av Forlagenes fagpris, også kjent dom FIBE-prisen.

Eriksen får prisen for artikkelen "Myopic risk-taking in tournaments, " som han har skrive saman med UiS-professor Ola Kvaløy.

Vinnarartikkelen tar utgangspunkt i spørsmålet om kortsiktigheit hos finansaktørar medfører auka risikotaking. Gjennom eksperiment gjennomført som "turneringsspel" med studentar som deltakarar har Eriksen og Kvaløy vist at dette er tilfellet. I artikkelen har Eriksen og Kvaløy også analysert og argumentert for resultata frå eksperimenta med utgangspunkt i åtferdshypotesar frå fagområdet "behavioral economics".

"Artikkelen scorer høyt på originalitet og relevans. Eksperimentene er godt gjennomførte og bringer fram nye og interessante funn. I tillegg inneholder artikkelen en god diskusjon av faglitteraturen innen området," konkluderer fagpriskomitéen, professor Bjarne Espedal (NHH), førsteamanuensis Jøril Mæland (NHH) og professor Jon Christian Langli (BI).

Forlagenes fagpris er på kr 20 000. Sidan 1996 har FIBE-prisen vore finansiert av Cappelen Akademiske, men frå 2011 bidreg også , Gyldendal Akademisk, Fagbokforlaget og Universitetsforlaget.

Ola Kvaløy (Foto: Hallvard Lysand)
Kristoffer W. Eriksen var ikkje til stades på FIBE. Medforfattar, professor Ola Kvaløy, tok derfor mot prisen på Eriksen sine vegner.

Artikkelprisen

Artikkelprisen for 2010 gjekk til forskar Hans Olav Melberg frå Institutt for helseledelse og helseøkonomi ved Universitetet i Oslo.

Melberg fekk prisen for artikkelen "Animal spirits: Fargerik tomhet?" som stod på trykk i Samfunnsøkonomen nr. 2, 2010.

I artikkelen tar Melberg for seg John Maynard Keynes' bruk av omgrepet "animal spirits," i ein passasje i The General Theory of Employment, Interest and Money.

Melberg meiner det er høgst uklart kva Keynes faktisk legg i omgrepet, og i kva grad det kan forklara økonomiske svingingar, og at det derfor er misvisande å trekka det fram som eit sentralt omgrep hos Keynes.

Artikkelprisjuryen består av Siri Pettersen Strandenes (NHH), Eilev Jansen (SSB), Tore Nilssen (UiO).

Hans Olav Melberg (Foto: Hallvard Lyssand)
Hans Olav Melberg fekk overrekt Artikkelprisen 2010 torsdag kveld.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive