NHH Bulletin på engelsk

NHH Bulletin engelsk (Ill.: Willy Skramstad)

Ei engelsk utgåve av NHH Bulletin er no tilgjengeleg. Den engelsk utgåva består av utvalde artiklar frå dei fire norskspråklege utgåvene som kom i 2010. In English

02.02.2011 - Hallvard Lyssand


Den engelskspråkeleg utgåva inneheld m.a. anna artiklar om feiringa av NHH sitt 75-årsjubileum i 2011, om institusjonens historie og målet om å bli blant dei beste handelshøgskulane i Europa innan 2021.

Vidare kan ein lesa om det forskingsprogrammet FOCUS, om Senter for tenesteinnovasjon, om internasjonalt anerkjent forsking på rettferd og om makroøkonomiske perspektiv på kvar verda er på veg i kjølvatnet til finanskrisa.

Dessutan kan ein lesa om alt frå kritikk av bruk av personlegdomstestar i samband med rekrutteringsprosessar, til ein reportasje om NHH-alumnus og krimforfattar, Asle Skredderberget.

Nokre eksemplar av bladet vil bli distribuert til institutta. Ein kan også få eit eksemplar ved å venda seg til Informasjonsavdelinga, eller ved å lasta ned ein pdf-versjon.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive