Namnet er Noregs Handelshøgskole

Språkrådet

Etter påtrykk frå Språkrådet må høgskulen no ta i bruk Noregs Handelshøgskole som offisielt namn på nynorsk.

22.02.2011 - Knut André Karlstad


Språkrådet tok kontakt med høgskulen på nyåret og påpeika at alle sentrale statsorgan skal ha namn på begge målformer, slik det er krav om i forskriftene til målbruken i offentleg teneste. Namneforma skal følgje målforma ein nyttar i alle skriv.

- Namnet skjemmar ingen, dette er ei grei påminning frå Språkrådet om kva krav NHH må rette seg etter. Det er ikkje ideelt å skulle profilere same institusjon med to namn, men det viktigaste er å kommunisere godt med god språkbruk, seier informasjonssjef Asle Haukaas.

Ein minner óg på at det med heimel i mållova skal nyttast minimum 25 prosent av kvar av målformene i alle offentlege publikasjonar og skriv. Dette gjeld óg på Internett.

- Dette er krav NHH ikkje har vore flink til å rette seg etter. Her må vi rett og slett bli flinkare med meir informasjon og fleire lysingar på nynorsk, seier Haukaas.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive