Koordinator for NHH Alumni

Norges Handelshøyskole

Noregs Handelshøgskole lysar eit nytt tre-årig engasjement som koordinator for NHH Alumni. Koordinatoren er kontaktpunkt og koordinerer alumninettverket som er eit fagleg og sosialt nettverk for ferdigutdanna kandidatar. Stillinga, som er ledig frå 1. april, inngår i Informasjonsavdelinga ved NHH.

25.02.2011 - Red.


Koordinatoren har ansvar for den daglege drifta av nettverket overfor kandidatar og leverandørar. Ho eller han er operativ innan nettbasert kommunikasjon, nyhendebrev, organisere alumnitreff, bistand til kulljubileum og større arrangement der alumni inngår. Den tilsette er òg sekretær for styringsorgana for alumninettverket, og ein drivkraft i nyutvikling av nettverket.

Vi søker kandidatar med høgare utdanning på masternivå, fortrinnsvis innan økonomiske fag og med erfaring frå elektronisk informasjon, databasar og sosiale media. Vedkommande må ha gode personlege eigenskapar som å være talefør og engasjert som formidlar og tenesteytar samt være systematisk og kunne arbeide sjølvstendig. Vidare er gode samarbeidsevner, fleksibel innstilling og initiativrikdom naudsynt. Andre oppgåver ved avdelinga kan bli aktuelle.

Vi kan love utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit godt miljø innan eit område som er under utvikling i Noreg. Den som blir tilsett vil rapportere til informasjonssjefen.

Stillinga vert løna etter statens regulativ som 1408 - førstekonsulent i LR 21, lønstrinn 40 - 50 alternativt 1434 - rådgjevar i lønstrinn 52 - 58 for spesielt kvalifiserte søkarar. Frå løna vil det bli trekt to prosent som innskot i Statens Pensjonskasse.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå balanse mellom kjønn og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Ein gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentlege sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkaren vil bli orientert om dette på førehand.

For nærare informasjon om stillinga, kontakt informasjonssjef Asle Haukaas på tlf 55 95 92 18 eller pr e-post: asle.haukaas@nhh.no.

Søk stillinga på www.nhh.no/stilling innan 12.3.2011.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive