Godt første styremøte i 2011

NHH

Styret var i går samla til sitt første styremøte i 2011.

11.02.2011 - Asle Haukaas


Styremøtet starta som vanleg med ein fagleg presentasjon, denne gong av instituttleiar Sunniva Whittaker om aktivitetane på Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon.

Av sakene som vart handsama var utkast til rapport og planar for 2010-2011, økonomirapport for 2010, samt forslag til nye æresdoktorar og det engelske namnet til NHH.

Styret tok økonomirapporten for 2010 til etterretning og godkjende førebels årsrekneskap. Vedtaket betyr at budsjettet for 2011 blir justert etter disponeringane som foreslått.

Overskotet frå NHH Executive blei fordelt som tidlegare mellom NHH sentralt og som tildeling til dei instituttmiljøa som har arbeida for overskotet.

Namn og æresdoktorar

Styret ønskte eit kort engelsk namn på NHH og samla seg bak innstillinga frå leiinga til nytt engelsk namn.

Styret ønskjer samstundes ei marknadsfagleg konsekvensutreiing av innstillinga og innspel til ein lanseringstrategi for nytt engelsk namn frå høgskolens eige fagmiljø i merkevareleiing.

Ei endeleg avgjerd om lansering av det engelske navnet vil bli tatt på Styret sitt neste møte 28.-29. mars .

Styret drøfta framlegget til utnemning av æresdoktorar etter tilrådinga frå ein fagleg komité leia av professor Frøystein Gjesdal. Det er meininga at æresdoktorane skal utnemnast i samband med 75-årsjubileet til hausten. Styret slutta seg til framlegget til vidare prosess.

Andre tema

Styremedlem Kirsti Koch Christensen og student Anette Celine Frønsdal blei oppnemnd som delegasjonen til etatsstyringsmøte med Kunnskapsdepartementet i byrjinga av april i lag med rektoratet, administrerande direktør og assisterande direktør.

Møtelyden fekk ei oppdatering av status kring oppfølging av ulike styresaker. Dei vart også orientert om ei gjennomgang av styring og organisering av NHH Executive, om status for NHH Alumni og tilsetting av ny HR-sjef.

Styremøta til hausten er datofesta til 9. september, 2. november og 14. desember. Det første blir då i samband med jubileumsveka, og rektor ga Styret ei kort orientering om jubileet til no.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive