Eit lite stykke finansrealisme

FIE 428 Cases in Corporate Finance

FIE 428 - Cases in Corporate Finance består av tunge caseoppgåver med korte fristar og kontinuerleg vurdering og tilbakemelding på alt frå skriftleg arbeid og munnleg presentasjon til deltaking i klasserommet. - Ideen er å gje studentane ei litt meir realistisk erfaring i høve det som ventar i arbeidslivet dersom dei vert flinke finansfolk, seier kursansvarleg Aksel Mjøs.

10.02.2011 - Hallvard Lyssand


- Where exactly did you find that number?

Masterstudentane Andreas Dingstad Vabø og Marianne Bårdsgjerde er i godt i gang med å presentera si løysing av ei caseoppgåve på feltet fusjonar og oppkjøp då postdoktor og kursleiar Aksel Mjøs frå Institutt for foretaksøkonomi, bryt inn og vil vita detaljar om talgrunnlaget.

Presentatørane må leita seg bakover i kolonnane i ein omfattande power point-presentasjon på jakt etter kjelda. Etter å ha funne utgangspunktet og diskutert det med både Mjøs og dei andre kursdeltakarane må oppgåveløysarane vedgå at det aktuelle talet var valt vel seint på natta og på sviktande grunnlag.

- Poenget mitt er i og for seg ikkje dette talet i seg sjølv. Men om de skal leggja fram noko for eit styre kan de koma ut for verre folk enn meg, seier Mjøs og påpeikar kor viktig det er å fokusera presentasjonane og at mindre relevante detaljar fort kan ta merksemda bort frå hovudpoenga i ein presentasjon.

Styreromsrøynda

Nettopp å gje deltakarane ei relativt realistisk erfaring i høve arbeidskvardagen i finansverda er ein del av grunntanken i kurset FIE 428 - Cases in Corporate Finance.

Måla med kurset er at studentane skal vidareutvikla forståinga av sentrale og komplekse tema innan corporate finance og læra å bruka teori og analytiske verktøy, samstundes som dei vert trena i å gjera krevjande teambaserte analysar under tidspress, i både skriftleg og munnleg framføring av komplekse saker og i å kommunisera og diskutera tema frå fagfeltet klart og presist.

- Alt dette er ting det vert forventa at ein meistrar om ein vil arbeida innan finans, konstaterer Mjøs, som sjølv har tre års erfaring frå investeringsbanken Morgan Stanley i London.

FIE 428 Aksel Mjøs (Foto: Hallvard Lyssand)
Kursleiar Aksel Mjøs vil ha nærare forklaring på eit tal i ein case-presentasjon. I bakgrunnen sit PhD-student Einar C. Kjenstad og registerer og vurderer kursdeltakarane si deltaking i samlingane.

Mykje arbeid

Som namnet syner er caseløysing eit sentralt element i kurset. I løpet av dei 10-12 vekene kurset varar må studentane må løysa fire caseoppgåver i grupper på tre og gje ein munnleg presentasjon av løysinga på minst ei av oppgåvene. I tillegg må alle løysa ei oppgåve åleine.

- Gjennomgangen av kvart tema er vanlegvis delt i to, forklarar Mjøs.

- Vi byrjar med ein teoretisk introduksjon til det aktuelle temaet i form av ei relativt tradisjonell førelesing. I neste samling er det full tekstinnlevering frå alle gruppene, ei gruppe presenterer si løysing av eit gitt case innanfor tematikken og det er brei debatt om temaet, held han fram.

Til nokre tema vert det henta inn gjesteførelesarar frå næringslivet for å presentera ulike sider av ei aktuell og konkret hending.

Oppmøte til undervisningstimane er obligatorisk og kvar einskild student sine bidrag i plenum vert registrert og vurdert av doktorgradsstudent Einar C. Kjenstad. Det gjeld ikkje berre presentasjonar, men også bidrag til klasseromsdiskusjonen.

- Kurset er interaktivt, alt føregår på engelsk og det er mykje arbeid, men det er ein del av realismen, seier Mjøs.

Kontinuerleg vurdering

For å sikra at deltakarane har grunnlag for å gjennomføra kurset er det eit krav at dei har fullført FIE 402 (Corporate finance) eller tilsvarande, og i tillegg vert kvar einskild sin bakgrunn vurdert individuelt.

Mjøs understrekar at det ikkje dreier seg om å ekskludera nokon, men å sikra at deltakarane har tilstrekkeleg fagleg bakgrunn til å gjennomføra kurset og ha nytte av det.

Det er ingen avsluttande eksamen. Karakteren vert i staden sett basert på det som vert gjort i kursperioden. Skriftlege innleveringar utgjer halvparten av karakteren, medan presentasjonar (25 %) og klasseromsdeltaking (25 %) utgjer resten.

- Vi gjev kontinuerleg tilbakemelding på det skriftlege arbeidet. Det er ein omfattande jobb, men vonleg ein god læringsmåte, seier Mjøs.

- Når det gjeld vurderinga av klasseromsdeltakinga gjev vi studentane ei relativt detaljert skildring av kva faktorar som ligg til grunn for vurderinga ved byrjinga av semesteret. Når kurset er kome halvvegs får deltakarar som ikkje har deltatt tilstrekkeleg ei åtvaring om korleis dei ligg an slik at dei kan justera innsatsen, held han fram.

- Denne typen vurdering kan verka relativt brutal i høve til meir tradisjonelle metodar ved at han tvingar studentane til å delta aktivt. Korleis taklar dei det?

- Det er sjølvsagt forskjellar, men dei taklar det generelt bra. Dei veit jo kva dei går til, seier Mjøs.

- Samstundes er det mi oppgåve å få til ei avslappa stemning slik at vi kan etablera dialog og involvera flest mogeleg, legg han til.

FIE 428-studentar (Foto: Hallvard Lyssand)
Studentane løyser case i grupper på tre. - Tre er ideelt. Med fleire i gruppa risikerer ein at nokon ikkje bidreg til å dra lasset, med færre enn tre vert det fort for mykje arbeid, seier Aksel Mjøs.

- Skulle ha jobba endå meir

Cases in Corporate Finance vart oppretta i 2006.

- Blant initiativtakarane var professorane Thore Johnsen og Kjell G. Nyborg. Sistnemnte hadde erfaring frå caseundervisning frå m.a. London Business School og UCLA, fortel Mjøs.

- I internasjonal samanheng er dette likevel "casekurs light." Ved mange amerikanske institusjonar droppar dei teoridelen og diskuterer case heilt frå starten av kvar leksjon og har difor endå meir involvering av klassane enn det vi har, understrekar Mjøs.

Han har ingen umiddelbare planar om å utvikla kurset vidare i retning amerikanske førelegg, men ser ikkje bort frå at det kan bli endringar.

- Enn så lenge meiner vi at vår løysing fungerer bra, men vi er alltid på jakt etter forbetringar, seier han, og avsluttar:

- Evalueringane frå deltakarane er gode både på form og innhald. Mange melder tilbake at dei berre skulle ønska dei hadde arbeidd endå meir enn dei gjorde.

Silje Holestøl FIE 428 (Foto: Hallvard Lyssand)
Mykje arbeid og stort læringsutbyte. Det er Silje Holestøl si oppsummering etter nokre vekers deltaking på kurset Cases in Corporate Finance.

Lærer mykje ved å måtte delta

- Dette er eitt av faga der eg lærer mest, konstaterer fjerdeårsstudent, Silje Holestøl, som er ein av 19 deltakarar på kurset dette semesteret.

- Ein må delta og då må ein tenka. Sidan ein har arbeidd med caseoppgåvene som vert presentert er ein førebudd og kan ha ei meining. Det er ein god læringsmetode, og særleg i eit fag som dette. Her ser ein kor mykje eins eiga vurdering tel.

Holestøl tykkjer ikkje det er noko problem å måtta delta aktivt i timane.

- Det var litt uvant i starten, men etter kvart går det bra, seier ho

Ho kan elles stadfesta faget krev tid og arbeid, og anslår at det går med to til tre timar per dag.

- Eg har aldri brukt så mykje tid på eit fag, men kontinuerlege tilbakemeldingar og vurdering av caseløysingar gjev motivasjon. Og så er det greitt å sleppa eksamen, sluttar ho.

Kvit2
NHH og kvalifikasjonsrammeverket

NHHs studieplanar for studieprogramma og kursbeskrivelsar må skrivast om for å oppfylla nasjonale og internasjonale kvalifikasjonsrammeverk for beskrivelse av læringsutbyte på ulike utdanningsnivå.

Programutvala tar seg av studieprogramma, men dei enkelte kurshaldarar må tilpassa beskrivelsane av sine kurs til det nye rammeverket.

Dekanane ved NHH ønskjer samtstundes å nytta prosessen til å tenka nytt om både læringsutbyte, undervisningsopplegg og vurderingsformer.

Programevalueringar viser at NHH-kandidatane meiner dei får utvikla solide analytiske evner gjennom utdanninga, men at treninga i etisk refleksjon og munnleg fremstilling er svakare.

Bedrifter som tilsetter NHH-kandidatar melder at desse kan bli sterkare innan forretningsforståing, omsetning av teori til praksis, team-orientering, etisk refleksjon og fokus på mennesklege aspekt.

Eit av måla med den pågåande prosessen er å undersøka kva pedagogiske grep som kan bidra til å styrka studentane sitt læringsutbyte på dei områda som blir vurdert som svake.

For å stimulera til nytenkning rundt pedagogikk og vurderingsformer vil det bli arrangert ulike seminar og kurs om alt frå aktivisering av studentar og alternative vurderingsformer til case-undervisning.

Paraplyen vil dessuten publisera ein serie med presentasjon av et utvalg kurs som eksempel og til inspirasjon. Denne artikkelen er den tredje i serien.

Les introduksjonsartikkelen til serien

Les artikkel om case-samarbeid mellom SAM 020 og SOL 010

Les artikkel om kurset STR 425 Forhandlinger



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive