Arbeids- og sparelina

Finansminister Sigbjørn Johnsen, Stud:Symp 2011 (Foto: Hallvard Lyssand)

Arbeid og sparing. Det er finansminister Sigbjørn Johnsens grunnleggjande grep for å oppretthalda dagens velferdssamfunn når nye generasjonar skal takla nye utfordringar.

02.02.2011 - Hallvard Lyssand


- Korleis skal Noreg oppretthalda velferdsnivået med dagens modell i botn når det vert fleire eldre og færre yrkesaktive per pensjonist? Vi har to sentrale grep: sparing og arbeid.

- Høyrest det litt kjedeleg ut? Vel det er det vi alt gjer gjennom oljefondet og satsing på høgare sysselsetjing gjennom eit meir inkluderande arbeidsliv, sa finansminister Sigbjørn (Ap) då han heldt foredrag for ein stappfull Aula måndag.

Johnsen sitt besøk skjedde i regi av NHH, Econa og NHH-Symposiet, og var ein del av Stud.Symp, eit arrangement der studentane kan møta næringslivsfolk og få eit innblikk i kva framtid som ventar i arbeidslivet.

- Ingen tre veks inn i himmelen

Finansministeren var også invitert for å ta for seg framtida. Med utgangspunkt i den såkalla generasjonskontrakten snakka han om korleis komande generasjonar kan takla nye samfunnsmessige utfordringar utan å måtta gje slepp på det tidlegare generasjonar har bygd opp.

Generasjonskontrakten går kort fortalt ut på at ein vert født inn i eit system der ein er netto mottakar av velferdsgode i barndom, ungdom og alderdom, medan ein bidreg så lenge ein er i yrkesaktiv alder.

Johnsen innleidde med å peika på at den økonomiske stoda i verda omkring oss er vanskeleg.

- Vi har gått frå ei finanskrise til ei statsfinansiell krise der ei rekkje europeiske land må takla enorm statsgjeld og store budsjettunderskot, samstundes som befolkningssamansetjinga endrar seg, sa han.

- Før krisen hadde mange av desse landa enorm vekst og stor fart i økonomien. Lærdommen må vera at ingen tre veks inn i himmelen, og at ein må bygga reservar i gode tider, la han til.

- Mykje står på spel

Ministeren påpeikte at Noreg greidde seg bra gjennom krisen, mykje takk vere veksten i land som Kina og India, men at sjølv ein i utgangspunktet privilegert plett som Noreg ikkje kan rekna med å gå klar dersom andre europeiske land hamnar i djupare vanskar.

Utfordringa i euroområdet er at statsgjelda må ned og budsjettunderskota må reduserast samstundes som ei eldrebølgje er på veg og arbeidsløysa er høg generelt og til dels skyhøg blant unge.

- Mykje står på spel nett no, sa Johnsen, og påpeikte at det vert politisk krevjande å vera tøff nok til å tilfredsstilla marknaden, men samstundes unngå å auka sosiale spenningar ved å stramma for hardt inn.

- Sjå på England. Dei risikerer auka inflasjon og fall i økonomien samstundes. Det er krevjande det, heldt han fram.

I ein situasjon der arbeidsledigheita blant unge i verda er så høg at det vert snakka om "den tapte generasjonen," meinte finansministeren at det er viktig å halda menneske og generasjonar saman.

- Folk må føla at det er bruk for dei og at dei har ei framtid, samstundes som vi tek vare på økonomien. Elles vert det fort sosial uro, sa han.

Finansminister Sigbjørn Johnsen, Stud.Symp 2011 (Foto: Hallvard Lyssand)
Generasjonskontrakten inneber at ein får del i velferdsgode i barndom og alderdom, og bidreg til fellesskapet når ein er i yrkesaktiv alder. Når det vert færre yrkesaktive per pensjonist kjem heile generasjonsrekneskapen under press.

- De er framtida

Som nemnt meiner finansministeren at ein kan oppretthalda balansen i generasjonsrekneskapen ved å vera sparsame og arbeidsviljuge.

Han trakk fram oljefondet og handlingsregelen som døme på sparing.

- Arbeidskrafta er ein kvar nasjon sin viktigaste kapital, og generasjonane gjer ein innsats på ulike tidspunkt, sa han, og siterte partifelle og tidlegare finans- og handelsminister Erik Brofoss: "Vi lever ikke av andres, men av hverandres arbeid."

- Skal vi oppretthalda velferda må vi ha velkvalifisert arbeidskraft som er i arbeid. Og sidan arbeidsstyrken vert mindre grunna små kull for 25 år sidan, må vi mobilisera fleire gjennom eit meir inkluderande arbeidsliv som også omfattar dei som ikkje kan jobba 100 prosent.

- Det er opp til oss i fellesskap å få dette til. Vår oppgåve er å innretta samfunnet slik at dykkar mogelegheiter ikkje vert dårlegare. De er framtida, sa han til dei frammøtte.

Øystein Thøgersen, StudSymp 2011 (Foto: Hallvard Lyssand)
- Noreg har vist statsfinansiell disiplin og har makta å gjennomføra strukturelle reformar i tide, konstaterte professor Øystein Thøgersen.

Statsfinansiell disiplin

Professor Øystein Thøgersen var invitert til å kommentera finansministerens innlegg.

Thøgersen fastslo at han kanskje ikkje var den mest kritiske kommentatoren all den tid han har forsvart alt frå handlingsregelen til pensjonsreforma så mange gonger at han eigentleg fortente diplom frå finansdepartementet.

- Kvifor er Noreg i ein unik posisjon no? spurde Thøgersen, og svara sjølv:

- Fordi vi hadde statsfinansiell disiplin då andre land ikkje hadde det. Vi greier å gjennomføra strukturelle reformer i tide. Andre kjem i gang for seint. Frankrike er eit døme. Dei skrik etter ein pensjonsreform, men får det ikkje.

Etter gullrushet

Sigbjørn Johnsen svara også på ei rekkje spørsmål frå salen om alt frå formueskatten og AFP-ordning og investering i kunnskap til musikalske preferansar (Elvis er og blir Kongen).

Ein av spørsmålsstillarane ville veta om det vil bli naudsynt med kutt i tillegg til sparing og arbeidsinnsats.

- Underfinansieringa av generasjonskontrakten er ca. seks prosent av BNP. Vi må vera kreative og produktive i fastlandsøkonomien, elles vert skattebyrden vel tung på neste generasjon, svara Johnsen og skreiv ut ein resept med fleire strukturelle reformer og disiplinert finanspolitikk.

- Er vi den siste generasjonen som får høyra at alt var verre før? spurte ein.

- Eg trur ikkje det. Men går det gale i Europa vil Noreg bli råka. To tredjedelar av Noregs handel går dit, sa Johnsen.

- Alle generasjonar har ein draum om at borna skal få det betre, men det må stillast nokre miljø- og berekraftspørsmål på vegen.

Finansminister Sigbjørn Johnsen, Stud.Symp 2011 (Foto: Hallvard Lyssand)
Finansminister Sigbjørn Johnsen brukte mykje av tida ved NHH til å svara på spørsmål frå studentane i salen om alt frå formuesskatt til rock-preferansar.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive