Set NHH på kartet

Bjørn L. Basberg og Trond Døskeland (Foto: Hallvard Lyssand)

Nokre ettermiddagstimar onsdag 27. april kjem området rundt NHH og Merino til å vera prega av fleire hundre orienteringsløparar i høve o-gruppa i bedriftsidrettslaget sin debut som løpsarrangør.

14.04.2011 - Hallvard Lyssand


Frå byrjinga av april til litt utpå hausten arrangerer Hordaland idrettskrets orienteringsløp for bedriftsidrettslag ein gong i veka.

Arrangementa har jamleg rundt 400 deltakarar og tilbyr løyper for alt frå nybyrjarar til verkeleg vidarekomne.

Onsdag 27. april er det orienteringsgruppa i bedriftsidrettslaget ved NHH som har arrangementsansvaret, og dei har sytt for å få leggja konkurransen til heimebane.

- Det vert i alt fire løyper - alle har start i Skytterveien og målgang ved Merino. Og utan å røpa for mykje kan vi nok fastslå at storparten av løparane må innom området rundt NHH, opplyser løpsleiar og professor Bjørn L. Basberg.

Han har med seg ca. 15 funksjonærar frå bedriftsidrettslaget og hyttestyret ved NHH som skal bidra til å få det heile i hamn.

Løypene er det Trond Døskeland frå Institutt for regnskap, revisjon og rettsvitenskap som har ansvaret for.

Lengdene varierer frå 1,5 km i luftline for nybyrjarar til 3 km for dei mest ambisiøse. I praksis vil sjølvsagt dei fleste måtte springa mykje lengre distansar.

Dei små tinga avgjer

- Men kan det vera særleg vanskeleg for sjølv den mest retningslause å orientera seg når ein av Sandvikens svært få skyskraparar står midt i løypa? Blir ikkje dette litt for lett?

- Vel, orienteringssporten endrar seg, humrar løypeleggjar Døskeland.

- Før var ein ute i bushen i to timar utan at nokon kunne få med seg kva som gjekk føre seg eller korleis stoda var. Men no vil ein ha det meir publikumsvenleg, og då vert det fleire sprintar og løp nær byar. I slike konkurransar er utfordringa å finna postane først, og det er gjerne dei små feila som vert avgjerande, seier han.

Oppskrifta på ei utfordrande sprintløype er i følgje Døskeland å leggja postane slik at løparane har fleire ruter til målet og vert tvungne til å ta potensielt avgjerande val raskt.

Ope for nye o-løparar

- NHH-arar som ønskjer å prøva seg som orienteringsløparar på heimebane er sjølvsagt hjarteleg velkomne, understrekar Basberg og Døskeland.

Det er såkalla fleksistart mellom klokka 17 og 18.30 27. april. Frammøte og registrering er ved Merinobygget. Startkontingenten er kr 70, og leige av ei brikke for å registrera postar kostar kr 25.

Om ein vel å delta i nybyrjarklassen kan ein få kartet utdelt ved påmelding frå ca 16.30. I dei resterande klassane får ein kartet i neven eitt minutt før ein skal av garde.

Løpskleda må dekka heile kroppen unnateke hovud, hals og armar. Og uansett kor grundig ein bommar på postane er private hagar forbode område.

Bjørn L. Basberg og Trond Døskeland (Foto: Hallvard Lyssand)
Løpsleiar Bjørn L. Basberg meiner å ha orientert seg fram til ein post allereie 14 dagar før NHH vert arena for 400 o-løparar. Av omsyn til fri konkurranse nektar løypeleggjar Trond Døskeland å kommentera slik innsideinformasjon.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive