Grunntrening i gründerverksemd

Gründerskolen, Espeland, Mars 2011 (Foto: Hallvard Lyssand)

Gründerskolen skal gje studentar med forretningsidear og entreprenørambisjonar eit grunnlag for å utvikla planane sine. - Mange av deltakarane tek seinare steget og etablerer eigen bedrifter, seier førsteamanuensis Tor Aase Johannessen, som har det faglege ansvaret.

11.04.2011 - Hallvard Lyssand


Undervisning i alt frå forretningsplanskriving til presentasjonsteknikk og forhandlingar, praksis frå oppstartverksemder og kombinasjonen jobb og studiar i utlandet.

Dette er Gründerskolens metode for å gje kunnskap om og erfaring med internasjonal forretningsutvikling, og samstundes gje gründerspirer eit grunnlag for å starta opp på eiga hand. På toppen får deltakarane 30 studiepoeng på masternivå, og kurset kan inngå som ein "minor" i masterprogrammet ved NHH.

Samarbeidsprosjekt

Gründerskolen vart oppretta i 1999 og er eit samarbeid mellom universiteta og ei rekkje høgskular over heile landet. I Bergen er det NHH, UiB og HiB som samarbeider.

Førsteamanuensis Tor Aase Johannessen frå Institutt for strategi og ledelse har hatt det faglege ansvaret i ei årrekkje, og sidan 2010 har NHH hatt hovudansvaret for kursopplegget.

- Studentane kjem frå alle institusjonane, men etter at vi tok over ansvaret har det vore ei overvekt av NHH-studentar. Finans og rekneskap er tyngst representert, men vi har også SOL-studentar og folk med energibakgrunn, seier han.

Tor Aase Johannessen (Foto: Hallvard Lyssand)
Førsteamanunesis Tor Aase Johannessen frå Institutt for strategi og ledelse har det faglege ansvaret for Gründerskolen.

Dreg ut

Ein sentral del av gründerskoletimeplanen er eit tre månaders utanlandsopphald der deltakarane er utplasserte i bedrifter og i tillegg får ein del undervisning på kveldstid.

- Innovasjon Noreg skaffar avtalar med verksemder Boston, San Francisco, Houston, Cape Town Shanghai og Singapore. For å få plass hos dei mest attraktive arbeidsgjevarane må studentane presentera seg for bedriftene og verta valde ut, seier Johannessen.

Han legg ikkje skjul på at krava studentane møter hos utanlandske arbeidsgjevarar og studiestadar kan vera tøffe, og at konkurransen er hard.

- For å få plass på Gründerskolen må ein ha over middels gode karakterar. I tillegg ser vi etter folk med gode sosiale antenner, samarbeidsevner og ikkje minst innsatsvilje. I Kina og USA arbeider studentane hardt, seier Johannessen.

For å førebu deltakarane på det som ventar under utanlandsopphaldet må dei gjennom eit forkurs. Det er sett saman av helgesamlingar med undervisning og jobbing for lokale gründerverksemder.

Førebuande forkurs og gruppearbeid

- Studentane vert sett saman i grupper og får i oppgåve å skriva forretningsplanar, eller eventuelt marknadsplanar for bedriftene der dei vert utplasserte. Det lærer dei svært mykje av, og verksemdene kjem med gode tilbakemeldingar på arbeidet som vert gjort, seier Johannessen.

Deltakarane rapporterer om framdrifta i arbeidet under helgesamlingane.

- Grunnen til at vi legg samlingane til fredag og laurdagar er delvis at det er enklare å få det til å klaffa i høve timeplanane til dei tre involverte institusjonane. Samstundes er det ein fin måte å sveisa saman deltakarane på. Dei skal arbeida i grupper ute i verksemdene, og då er det viktig at dei fungerer saman heilt frå starten, forklarar Johannessen.

Idun Nyborg Storm, PWC, Gründerskolen, Espeland, mars 2011 (Foto: Hallvard Lyssand)
Idun Nyborg Storm frå PWC gav studentane ei innføring i presentasjonsteknikk under samlinga på Espeland i mars.

Akademikarar og praktikarar

Ein av basane Gründerskolen nyttar er lokala til UiB sin marinbiologiske stasjon på Espeland nær Flesland. Hit kjem gjesteførelesarar frå så vel fagstaben ved NHH, som næringslivet.

På timeplanen står alt frå innovasjon og kreativitet via kommersialisering av produktidear og innhenting av kapital til presentasjonsteknikk og forhandlingar.

Blant gründerane som har tidligare har delteke finn ein m.a. mobilkapitalist og eks Koenigseggeigar Idar Vollvik og Bippergrunnleggjar Silje Vallestad.

Denne helga samlast dei 26 studentane i årets kull på NHH for å presentera rapportane dei har skrive etter utplasseringa i lokale verksemder.

- Presentasjonen av rapportane må vera nøytral for ikkje å røpa forretningshemmelegheiter. Men vi har forskrifter som vektar ulike delar av karaktersettinga. Vi må t.d. sjå at dei nyttar teori i praksis, forklarar Johannessen.

Studentane må også skriva ei prosjektoppgåve etter utanlandsopphaldet.

Ser entreprenørpotensial

- Utfordringa med å driva Gründerskolen er å skaffa bedrifter som studentane kan jobbe med. Her er vi heilt avhengig av å ha eit godt nettverk, konstaterer Johannessen.

- Når det gjeld føredragshaldarar har vi heldigvis ei solid kjelde av NHH-kollegaer og folk frå ulike delar av næringslivet som stiller, legg han til.

Johannessen ser mykje gründer og entreprenørpotensiale blant deltakarane.

- Mange av dei som har tatt Gründerskolen på landsbasis har starta eiga verksemd seinare, seier han.

- Allsidige deltakarar

Tredje års bachelorstudent Maren Solhjem er blant deltakaren i årets opplegg.

Ho vedgår at ho har visse gründerambisjonar, og er nøgd med innrettinga av kurset.

- Programmet er spennande og vi lærer mykje som er spesifikt retta mot oppstartverksemd. Deltakarane er dessutan allsidige, seier ho.

- Har du eit drøymereisemål for det komande utanlandsopphaldet?

- Det er mange spennande verksemder i Silicon Valley.

Maren Solhjem, Gründerskoledeltakar 2011 (Foto: Hallvard Lyssand)
Tredjeårs bachelorstudent Maren Solhjem er blant dei 26 deltakarane på årets gründerskole.
Camilla Andersson (Foto: Tor Aase Johannessen)
Sist helg var Gründerskolen samla på NHH. Blant deltakarane var Camilla Andersson fra FABIAN INVEST. - Ho er ein av Noregs mest kjente kvinnelege gründerar, og partner i Business Angel Network, som hjelper nye føretak i den mest kritiske fasen, seier Tor Aase Johannessen.
Foto: Tor Aase Johannessen
Svein Johnsen (Foto: Tor Aase Johannessen)
- Også Svein Johnsen deltok under samlinga i helga. Han er ein typisk "serial entrepreneur," og kan bl.a. vise til suksessane Chess og Bipper, seier Johannessen.
Foto: Tor Aase Johannessen

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive