Fornufta si røyst

Sentralbanksjef Øystein Olsen, april 2011 (Foto: Hallvard Lyssand)

Sentralbanksjef Øystein Olsen gjorde seg til talsmann for sunn fornuft og enkle reglar då han heldt gjesteførelesning om olja si betydning for norsk økonomi.

06.04.2011 - Hallvard Lyssand


Øystein Olsen var invitert til NHH av Institutt for samfunnsøkonomi for å halda gjesteførelesning på masterkurset FIE 403 - Konjunkturanalyse.

Instituttleiar og professor Øystein Thøgersen kunne konstatera at Olsen har vitja NHH ei rekkje gonger, men at dette var første visitt etter at han vart sentralbanksjef.

- Det er første gong eg er her i slips, repliserte Olsen.

Oljesmurt fornuft

Sentralbanksjefen tok for seg olja og oljenæringa si innverknad på norsk økonomi frå eit generelt historisk perspektiv, før han gjekk nærare inn på forvaltinga av oljeformuen og handlingsregelen.

Olsen innleidde ved å minna studentane om at sunn fornuft er eit sentral element når det kjem til ressursforvaltning og utforming av økonomisk politikk.

- Vi kan ha til dels svært avansert modellar til støtte ved utforming av relativt enkle reglar som t.d. handlingsregelen, men i botn ligg sunn fornuft. Økonomifaget er sunn fornuft sett i system, konstaterte sentralbanksjefen.

Sentralbanksjef Øystein Olsen, NHH april 2011 (Foto: Hallvard Lyssand)
Den framleis relativt ferske sentralbanksjefen kunne konstatera at fornufta har fått råda og at mange piler har peikt oppover etter at det vart funne olje på norsk sokkel.

Ei velsigning

Har så oljerikdommen vore ei velsigning eller ei forbanning for Noreg?

Olsen konkluderte med at olja har vore ein føremon og at forvaltninga av ressursane har vore rimeleg fornuftig.

- Vi har så lang unngått ressursfella, som mange andre land med store naturressursar har hamna i, påpeikte han.

Utviklinga vart illustrert med grafar som demonstrerte Noregs veg frå "fattigmann til kakse" i form av utviklinga i kjøpekraftkorrigert BNP per capita sidan 1900 og oljefondets vekst til ein marknadsverdi på over 3000 milliardar kroner ved utgangen av 2010.

Oljefondet har no ein aksjeandel på 60 prosent. Oppvektinga frå 40 til 60 prosent skjedde rett før finanskrisen slo ut for alvor, og førte til mykje kritikk. Men Olsen forsvarte avgjerda og gav politikarane ros for å våga å sitja i ro og ikkje selja på botn perioden der fondet sin verdi raste.

FIE 403 Gjesteførelesing ved Øystein Olsen, april 2011 (Foto: Hallvard Lyssand)
Studentane på kurset i konjunkturanalyse har hatt både den førre og den nye sentralbanksjefen, samt sjeføkonom Harald Magnus Andreassen som gjesteførelesarar dette semesteret.

Ta pulsen

På spørsmål frå Paraplyen om kvifor han tek seg tid til å halda gjesteførelesningar svara han at det er viktig å koma seg ut av Oslogryta og treffa næringsliv, representantar frå institusjonar som NHH og andre grupper for å ta pulsen på det som føregår.

- Vi vart invitert hit først, og då nytta vi høvet til også å skaffa oss avtalar med næringslivsaktørar, sa Olsen, som også heldt føredrag i regi av Formuesforvaltning AS tysdag.

Øystein Thøgersen, som saman med professor Jan Tore Klovland er ansvarleg for kurset i konjunkturanalyse, var naturleg nok nøgd med å ha sentralbanksjefen som føredragshaldar.

- Både Svein Gjedrem og Harald Magnus Andreassen har vore gjesteførelesarar dette semesteret, og det passa bra å følgja opp med Øystein Olsen, humrar Thøgersen.

I tilegg til gjesteførelesinga trefte sentralbanksjefen delar av fagstaben på Institutt for samfunnsøkonomi, samt nokre av dei beste masterstudentane.

- Svein Gjedrem byrja med desse besøk for fire år sidan, og vi er glade for at Øystein Olsen ville vidareføra det, seier Thøgersen, og konstaterer at instituttet også tenker på rekruttering til doktorgradsstudiet i ein slik samanheng.

- Vi ønskjer å rekruttera dei beste studentane til PhD-programmet vårt, og greier vi det dryp det også på Noregs Bank, for ei rekkje av dei flinkaste studentane herfrå går vidare til ein karriere i sentralbanken, seier han.

Øystein Olsen på Samfunn april 2011 (Foto: Hallvard Lyssand)
Sentralbanksjefen var også innom Institutt for samfunnsøkonomi for å møta fagstaben der. Insituttleiar Øystein Thøgersen står for serveringa. Stipendiat Helge Sandvig Thorsen til høgre.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive