Skattesystemets innverknad på val av utdanning
Annette Alstadsæter disputerer for doktorgraden ved NHH fredag 29. oktober med avhandlinga Tax Effects on Educational and Organizational Choice.
25.10.2004 - Afsoun Sabzian
Sidan 1992 har Noreg hatt eit dualt skattesystem kjenneteikna av flat skatt på kapitalinntekt og progressiv skatt på arbeidsinntekt.
Avhandlinga analyserer korleis dette skattesystemet påverkar individet sitt val mellom å investera i utdanning eller finanskapital, samt korleis det påverkar småbedrifter sine investeringar og val av organisasjonsform.
Analysen konkluderer med at delingsmodellen oppmodar sjølvstendig næringsdrivande til å overinvestera i realkapital. Investeringar i realkapital blir eit middel til å auka den delen av inntekta som blir skattlagd som kapitalinntekt, noko som reduserer den totale skattebyrden.
Sjølvstendig næringsdrivande med høg inntekt kan unngå delingsmodellen fullstendig og redusera skattebyrden sin ved å bli aksjeselskap. Denne utviklinga ser ut til å ha funne stad over dei siste ti åra.
Utdanning er ei investering som gjev avkasting både i form av høgare løn og i form av auka glede. Gleda av utdanning varierer mellom ulike individ og ulike utdanningstypar, og denne avkastinga av utdanning er i motsetning til løn skattefri.
Gleda av utdanning kan vera eit viktig motiv bak individet sitt utdanningsval, og mange er villige til å betala for denne gleda ved å akseptera lågare løn. Som eit eksempel blir prisen på gleda av å ta lærarskulen på 1960-talet estimert i avhandlinga.
Resultata viser at mannlege lærarskulestudentar i løpet av livet tente 38 prosent mindre enn dei kunne ha tent ved å velja ei alternativ utdanning.
Analysen viser at ein universell flat skatt kan føra til overinvestering i utdanning, og at denne overinvesteringa er større di større glede individet har av utdanninga.
Det duale skattesystemet motverkar denne potensielle overinvesteringa i utdanning. Eit anna resultat er at det duale skattesystemet kan påverka individa til å leggja mindre vekt på den lønsmessige avkastinga og heller velja utdanningstypar som gjev auka glede.
Professor Agnar Sandmo ved NHH har vore hovudrettleiar.
Annette Alstadsæter er utdanna samfunnsøkonom (cand.oecon.) frå NHH, og cand.mag. frå Universitetet i Bergen. Ho er no forskar i Statistisk Sentralbyrå.
Annette Alstadsæter er utdanna samfunnsøkonom (cand.oecon.) frå NHH og cand.mag. frå Universitetet i Bergen.
|