PM: USA-ambassadør vil ha forretningsidear frå NHH

Den amerikanske ambassadøren til Noreg, Benson K. Whitney, inviterte i dag NHH-studentar til å delta i ein konkurranse om å finne løysinga på miljøkrisa. Den beste forretningsideen får moglegheit til å bli realisert.

19.12.2007 - Kristin Risvand Mo


- Eg kan ikkje love at det blir investert i det konseptet som vinn, men er ideen god nok vil det alltid vere nokon som er interessert i å stille med pengane, meiner Whitney.

I følgje ambassadøren er innovasjon og ny teknologi den einaste måten å løyse klimaproblema på, og han vil at NHH-studentane skal kaste seg inn i kampen.

- Vi kan ikkje rekne med å fikse dei utfordringane verda står framfor gjennom å be folk senke levestandarden, meiner ambassadøren. Nye løysingar må til, og i følgje Whitney treng vi mange av dei:
- Ein enkelt idé kan ikkje løyse dette, men tusenvis av gode idear kan, seier ambassadøren.

Fantastisk moglegheit
Det var under ei vitjing på NHH torsdag at USA-ambassadøren lanserte konkurransen for studentane på NHH.
- Dette er ein fantastisk moglegheit for studentane til å få sett ideane sine ut i livet, opne dører og strekke seg etter noko, seier James Hosea, marknadsrådgjevar på NHH.

Konkurransen inngår ei breiare satsing på ressurs- og miljøøkonomi ved NHH. Høgskulen lyste nyleg ut eit professorat i klimaøkonomi. I tillegg opprettar NHH frå hausten 2008 ein ny internasjonal mastergrad i energi-, miljø og ressursøkonomi. Sjølve konkurransen skal gå føre seg til våren.

Les meir:
Sparebanken Vest gir klima-professorat til NHH
Vil tilby mastergrad i miljø- og ressursøkonomi


Meir informasjon:
John Andersen, leiar for internasjonalt kontor, NHH tlf. 55 95 92 20
Rektor Jan I. Haaland, NHH tlf. 55 95 92 17 / 957 96 865


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive