Ny kvinneleg professor ved NHH

Norges Handelshøyskole (NHH) har fått sin ellevte kvinnelege professor. Katarina Östergren er tilsett i ei stilling som professor ved NHH.

01.11.2010 - Redaksjonen


Östergren arbeider ved Institutt for regnskap, revisjon og rettsvitenskap (RRR). Ho har økonomisk styring, leiing, strategi og budsjettering som sine spesialområde.

Katarina Östergren vaks opp i Kiruna, Sverige. Ho er dr. philos. frå Umeå universitet i 1995.

Før ho kom til NHH arbeidde Östergren mellom anna ved Handelshögskolan ved Umeå universitet, i PricewaterhouseCoopers og som forskar ved Rokkan-senteret ved UiB, som ho framleis er tilknytta.

Östergren vart tilsett ved NHH i 2005 og er instituttleiar ved RRR.

Meir informasjon:
Professor Katarina Östergren tlf: 55 95 96 37/467 42 255, e-post: katarina.ostergren@nhh.no
Mediekontakt: Kristin Risvand Mo tlf. 55 95 9661/ 915 99 661, e-post: kristin.mo@nhh.no


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive