Disputas: Finansiering av verksemder

Aksel Mjøs disputerer for doktorgraden ved NHH fredag 14. desember med avhandlinga "Corporate finance: Capital Structure and Hybrid Capital"

12.12.2007 - Redaksjonen


Avhandlinga analyserar korleis verksemder vert finansierte, med vekt på ulike hovudtema fordelt på to empiriske og tre teoretiske artiklar.

Innanfor forståinga av norske selskap sin kapitalstruktur er arbeidet den første komplette gjennomgangen av alle norske selskap sine val av gjeldsgrad. I alt 139 000 selskapsregnskap for åra 1992-2005 har vorte analyserte.

Arbeidet viser stor grad av stabilitet i gjeldsgraden, men inneheld og ein analyse av kva som kan forklara gjeldsgrad. Ein tilleggsanalyse estimerar dessutan korleis gjeldsgraden vert endra dersom ein inkluderar kapitaliserte leigekostnader.

I arbeidet saman med professor Hans K.Hvide, University of Aberdeen, analyserer Mjøs korleis eit større utval av nystarta norske selskap er finansierte, og ser på samanhengar med stiftarane sine demografiske kjenneteikn.

Dei finn at selskapa faktisk nyttar ein vesentleg del ekstern eigenkapital, men finn ingen samanheng mellom bruk av slik kapital og seinare lønsemd. Hovudkonklusjonen er at ekstern eigenkapital er viktig tilleggskapital for dei minste selskapa og er eit komplement til gjeld.

Professor Svein-Arne Persson og Mjøs utviklar nye og analytisk relevante verdsettingsmodellar for hybridkapital (kalla fondsobligasjonar i Norge), samt syner korleis desse påverkar utstedaren sitt konkursnivå.

Modellane tilpassar kjente opsjonsmodellar i ein ny samanheng som gjev grunnlag for auka forståing av verknadane av slike evigvarande obligasjonar med innebygde opsjonar.

Mjøs er utdanna siviløkonom ved NHH, har ein MSc frå London Business School og er autorisert finansanalytikar frå NHH/NFF. Han har mellom anna jobba som Vice President i Morgan Stanley Investment Banking i London og som administrerande direktør i DnB Kapitalforvaltning i Bergen. Han er i dag tilsett som forskar ved Samfunns- og næringslivsforskning i Bergen.

Kandidaten kan treffast på telefon 970 88 529

Til red:
Vi gjer merksam på at prøveforelesinga til Aksel Mjøs på NHH fredag 14. desember er ein særs aktuell gjennomgang av såkalla samansette gjeldsstrukturar (structured debt products). Dette er den typen investeringar som nokre norske kommunar har investert i og tapt store pengar på i Terra-saka.

Eller som doktorgradskandidaten seier det sjølv med eit "understatement":
- Eg skal gå gjennom dei samansette gjeldsstrukturane som typisk enkelte norske kommunar har investert i med moderat suksess, seier Mjøs.

Aksel Mjøs har lang røynsle frå norsk og internasjonal finans før han byrja sin akademiske karriere som doktorgradstipendiat på NHH. Som tidlegare adm.dir. for DnBNOR Kapitalforvalting og som vice-president i Morgan Stanley Investment Banking i London, har han ei særs intressant bakgrunn for å kommentere desse produkta. Mjøs har og brei røynsle frå styrearbeid i Kavlifondet, Kavli Holding, Sparebank1 Livsforsikring, Vital Eiendomsforvaltning, Bergen Diakonissehjem/Haraldsplass, Norwegian Hull Club (kontrollkomitemedlem).

I prøveforelesinga vil Mjøs gjera greie for kva strukturerte gjeldsprodukt er og gå gjennom prinsipielle problemstillingar knytta til desse produkta. Kvifor er desse instrumenta problematiske og uheldige nesten uansett, inneheld dei ting som gjer at ein i forkant burde sett varskolampene blinke. Aksel Mjøs vil og relatera dette til den norske saka med kommunar som har investert i slike produkt gjennom Terra Securities.

- Det er vanskeleg å seie at desse tilboda ikkje bør eksistera, men dei er heilt klart kun for profesjonelle investorar som veit kva dei går inn i. Det er kompliserte, samansette produkt som krever 'pent ver' og vedvarande tillit over heile linja. Dersom det skjer det noko gale ein eller anna stad, kjem svia typisk her som dømet med dårleg sikra boliglån i USA syner.

Desse produkta er eit døme på at det no er skrudd for mange ganger på arbitrasjeskruen. Kredittrisiko inneber ofte at der er informasjonsfordeler og tilhøyrande skepsis hjå motparten - dette har stor effekt på slike produkt i slike periodar.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive