Disputas: Mikrofinans og effekt av opplæring

Mannlege mikrofinansklientar har stor nytte av å få utdanning i entreprenørskap, medan utdanning har liten eller inga effekt på kvinner. Dette syner ei ny doktoravhandling frå NHH.

17.06.2011 - Kristin Risvand Mo


Lars Ivar Oppedal Berge disputerer for doktorgraden tysdag 21. juni med avhandlinga Entrepreneurship in development: Four essays on microfinance and business training

Ein stor del av befolkninga i mange u-land er sysselsett i uformell sektor, men svært få entreprenørar klarar å utvikle føretaka sine. Dei aller fleste bedriftene vert verande små, med få eller ingen tilsette og lite avansert utstyr. Mangel på kreditt har vorte peikt på som eit viktig hinder for utvikling, med mikrofinans som ei løysing på problemet.

Ein interessant observasjon i mikrofinans er at fleirtalet av medlemmane er kvinner. I avhandlinga vert det synt at ein viktig årsak til dette kan vere at kvinnelege mikrofinansklientar samarbeider mykje betre enn mannlege mikrofinansklientar. Sidan
mikrofinans ofte er gruppelån, kan det tenkjast at kvinner vert tiltrekt av denne nye typen bank.

Mange studiar syner derimot at mikrokreditt ikkje er nokon garanti for forretningsvekst. Ein hypotese er at også andre faktorar enn mangel på kreditt, og meir bestemt mangel på kunnskap, verkar veksthemmande.

For å undersøke dette fekk ei gruppe mikrofinansklientar i Dar es Salaam i Tanzania entreprenørskapsutdanning. Resultata syner at mannlege mikrofinansklientar har stor nytte av utdanninga, medan kvinner ikkje klarer å nyttiggjere seg av utdanninga. Forskinga er i tråd med ei rekkje andre funn dei siste åra, som syner at det er vanskeleg å løfte kvinnelege entreprenørars inntekt. Årsakene til dette er truleg samansette og kan skuldast diskriminering av kvinner både på arbeidsmarknaden og i heimen.

Lars Ivar Oppedal Berge (fødd 1980) er frå Årdalstangen i Sogn og Fjordane. Han er utdanna siviløkonom og master i samfunnsøkonomi ved NHH (2006). Frå 2006 til 2011 har Oppedal Berge vore tilsett som stipendiat ved Institutt for samfunnsøkonomi, NHH. Han går no over i ein postdoktor-stilling same stad.

Veiledningskomité:
Professor Kjetil Bjorvatn, NHH (hovudrettleiar)
Professor Bertil Tungodden, NHH
Professor Dean S. Karlan, Yale University

Tid og stad:
Karl Borchs Auditorium, NHH, tysdag 21. juni 2011.
Prøveførelesinga startar klokka 10.15 og disputasen klokka 12.15.
Tema for prøveførelesinga: Should more development assistance be randomized to make it
better in the long term?

Meir informasjon:
Lars Ivar Oppedal Berge, e-post: lars.ivar.berge@nhh.no, tlf:951 28 059
Mediekontakt: Kristin Risvand Mo, e-post: kristin.mo@nhh.no, tlf. 55 95 9661/915 99 661


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive