Disputas: Fiskeriøkonomi, marine reservat og romleg forvaltning

Sturla Furunes Kvamsdal (foto: Kristin Risvand Mo)

I framtida kan ei ny type fiskeriforvaltning verte like viktig som fangstmengde og tidsperiode. Ved usikkerhet rundt biologiske forhold kan marine reservat være å føretrekke, viser ei ny doktoravhandling ved NHH.

22.03.2010 - Redaksjonen


Sia 1950-åra, har fiskeria i hovudsak vore forvalta gjennom fangstmengde og tidsperiode. Dei siste ti åra har derimot fokuset blant fiskeriøkonomar flytta seg mot fordeling av ein ressurs og innsatsen i fiskeriet over eit eller fleire områder. Viktige tema har vore biologiske og økonomiske forhold som endrar seg over og mellom områder, dynamikken i bestandar som finnes i ulike område og korleis forvaltninga avheng av alle desse tinga. I framtida kan marine reservat og anna områdespesifikk forvaltning verte like viktig som mengde og periode.

I avhandlinga Spatial Analysis in Fisheries Economics diskuterer Sturla Furunes Kvamsdal ulike fasettar av desse problemstillingane. Eit viktig funn er at ved usikkerhet rundt biologiske forhold, som til dømes vekstrate, kan ei områdespesifikk forvaltning være å føretrekke. Det være seg lukking av område der bestanden er skjerma frå fiske (marine reservat) eller områdespesifikke kvoter.

Det viser seg at ei slik romleg nyansert forvaltning bør endre karakter ettersom nivået av usikkerhet rundt biologiske forhold endrar seg. Ei form for romleg nyansert forvaltning som har vore iherdig studert er lukka områder. Om den resterande bestanden er utnytta på best mogleg måte, viser avhandlinga at det lukka området medfører ein kostnad som aukar, i tiltakande grad, med størrelsen på området. Om uventa, bråe endringar i bestandnivået inntreff, kan likevel eit lukka område ha ein verdi.

Eit døme på eit slikt lukka område finnes langs vestkysten av USA, der ein stor del av eit garnfiskeri etter sverdfisk og hai er lukka delar av sesongen. Det lukka området er oppretta for å beskytta ei utrydningstrua skilpadde som heng seg fast i garna og døyr. Avhandlinga diskuterer om lukkinga av dette området er forsvarleg ved å analysere data frå fiskeriet. Analysen peikar i retning av at grunnlaget for lukkinga kan ha vore noko tynt, men ytterligare analyse er nødvendig for å slå dette fast. Avhandlinga foreslår også alternativ forvalting av fiskeriet for å minske effekten lukkinga har på fiskeriet utan samtidig å auke trusselen fiskeriet representerer for skilpadda.

Sturla Furunes Kvamsdal er oppvaksen på Voss og er cand. mag. i matematikk frå NTNU (2003) og master i anvendt matematikk frå UiB (2005). Han bur for tida i Bergen og har sia 2006 vore stipendiat ved Institutt for samfunnsøkonomi ved NHH. Våren 2010 byrjar Kvamsdal i ei postdoktor stilling ved Institutt for foretaksøkonomi ved NHH.

Tid og sted:
Karl Borchs Auditorium NHH, fredag 26. mars 2010.
Prøveforelesinga er kl. 10.15, disputasen kl.12.15.
Tema for prøveforelesinga er "An overview of empirical analysis of behavior of fishermen facing new regulations"

Meir informasjon:
Sturla F Kvamsdal, e-post: sturla.kvamsdal@nhh.no ,
tlf. 55959530/92808218

Kristin Risvand Mo, mediekontakt, e-post:
kristin.mo@nhh.no, tlf. 55 95 9661/91599661


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive