Kunsten å fatte ei god avgjerd

Kva er det beste grunnlaget for ei god avgjerd, teft eller tanke? Dette er tema for FIBE-konferansen på NHH, 5. og 6. januar 2012.

02.01.2012 - Red


Forsking har vist at det finst gode modellar for å vurdere om ei økonomisk avgjerd er optimal eller ikkje. Problemet er at modellane ikkje kan nyttast på framtidige avgjerder. Kvifor det er slik, blir tema i eit av foredraga på FIBE 2012.

FIBE- konferansen er ein møteplass for det bedriftsøkonomiske fagmiljøet i Noreg, og samlar nær 200 forskarar til foredrag, presentasjon av ny forsking og debatt.

Tema for FIBE 2012 er Beslutninger - teft eller tanke?
- Tittelen viser til at vi tek avgjerder på ulike måtar: ved hjelp av formelle avgjerdsalgoritmar og forenklande, men ikkje nødvendigvis heilt optimale heuristikkar, og ved å bruke teft og intuisjon. På den eine sida har vi rasjonelle, ofte økonomisk baserte modellar av korleis ei avgjerd bør takast. På den andre sida har vi beskrivingar av korleis avgjerder faktisk blir tekne, seier professor Sigurd Troye ved NHH.

Troye er leiar for FIBE 2012 og har henta inn to inteternasjonalt anerkjende forskarar til å gi sine perspektiv på avgjerder.
- Gerd Gigerenzer og Tore Ellingsen er begge internasjonalt profilerte og respekterte forskarar som demonstrerer stor originalitet, djupn og breidd på forskingsfelta sine.

Gigerenzer var tidlegare professor i psykologi ved universitetet i Chicago. I dag er han direktør ved Max Planck Institute for Human Development i Berlin. Ellingsen er professor i økonomi ved Stockholm School of Economics.

Både Ellingsen og Gigerenzer har studert avgjerder på individnivå.

I paneldebatten fredag blir merksemda retta mot avgjerder i ei breiare kontekst, i eit organisasjonsperspektiv. Panelet blir leia av førsteamanuensis Thorvald Hærem (Handelshøyskolen BI). Deltakarane er investor Thorstein Selvik, Tryg-sjef Kjerstin Fyllingen, førsteamanuensis Therese Kobbeltvedt og postdoktor Aksel Mjøs (alle NHH).

Utdrag frå programmet FIBE 2012:

Torsdag 5. januar kl. 09.35; Professor Tore Ellingsen Cognition and Coordination.
Torsdag 5. januar kl. 11.10:, Professor Dr. Gerd Gigerenzer Heuristic decision making: Rationality for mortals.
Fredag 6. januar kl. 11.45-13.15: Ekspertpaneldebatt: Beslutninger - teft eller tanke?

Sjå fullstendig program på konferansens heimesider: http://conference.rente.nhh.no/fibe/2012/

Programstart: Torsdag 5. januar klokken 09.30.

Stad: Hovudbygget, NHH

Meir informasjon og påmelding:

Mediekontakt: Kristin Risvand Mo tlf. 55 95 9661/ 915 99 661, e-post: kristin.mo@nhh.no

Leder av programkomiteen: Professor Sigurd V. Troye, 55 95 94 66, mobil: 95 70 94 36, e-post: sigurd.troye@nhh.no


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive