Status for nettprosjektet

Arbeidet med NHH sine nye nettsider er godt i gang. Her er ei statusoppdatering

06.03.2015 - Hallvard Lyssand


Prosjektgruppa og konsulentane frå Netlife Research er i ferd med å avslutta den innleiande analysefasen. Her har det m.a. dreidd seg om å avklara korleis NHH ønskjer å framstå på nett, og kva mål og oppgåver som faktisk er dei viktigaste på nettsidene.

Neste steg i samarbeidet er å utvikla eit grunnleggjande konsept for nettstaden.

Parallelt arbeider den tekniske partnaren Epinova med å førebu installeringa av NHH sitt nye publiseringsverktøy, EPiServer.

I andre halvdel av mars byrjar arbeidet med å produsera heilt nytt innhald. Dette er eit omfattande arbeid som kjem til å involvera ei rekkje tilsette frå både fagstaben og administrasjonen.

Hovudtyngda av innhaldsjobben kjem likevel til å falla på dei administrativt tilsette.

Representantar frå fagstaben vil primært bli involvert i arbeidet med konseptet og utforming og innhald på institutt- og sentersider, forskarprofilsider og presentasjon av forsking og forskargrupper.

Kva administrativt tilsette som skal delta i arbeidet er så godt som klart, og dei involvert vert kalla inn til felles skrivestover. I byrjinga vil innhaldsarbeidet føregå utanfor EPiServer, men straks det er installert, vil det bli arbeidd direkte i publiseringsverktøyet.

Brukartesting og måling

Eit sentralt mål med nettprosjektet er å gjera NHH sine nettsider meir brukarvenlege.

Etter kvart som innhald og interaksjonsdesign vert klart vil det bli gjort brukartestar for å få inntrykk av om løysingane fungerer for dei ulike målgruppene.

Det vert også gjennomført ei undersøking av dagens nhh.no. Målet er m.a. å kartlegga kva oppgåver som er viktigast for brukarane når dei kjem til sida og om dei faktisk får gjort det dei kom til sida for å gjera.

Svara frå denne undersøkinga vil både danna grunnlag for utviklinga av dei nye sidene og tena som samanlikningsgrunnlag for seinare målingar, slik at ein kan få svar på om dei nye sidene faktisk er blitt betre for brukarane.

Endringar i styringsgruppa

Det er gjort nokre mindre endringar i styringsgruppa for prosjektet.

Kommunikasjonssjef Kristin Risvand Mo har teke over som prosjekteigar fordi Kommunikasjonsavdelinga har hovudansvaret for prosjektet, og Risvand Mo er nærast det daglege arbeidet.

Administrerande direktør Nina Skage sit framleis i styringsgruppa.

Studiesjef Jorun Gunnerud er nytt medlem i styringsgruppa, sidan Studieadministrativ avdeling har mykje innhald på nettsidene og vil få stor arbeidsbelastning. Viserektor Gunnar E. Christensen går ut av gruppa.

Marius Ebbesen frå Kjernestyret har erstatta Anniken Fossum som studentrepresentant.

Omfang og avgrensingar

Styringsgruppa har vedteke eit styringsdokument som fastsett dei overordna forventingane og rammene for prosjektet.

Her finn ein m.a. bakgrunn for og formål med prosjektet, konkrete mål og godkjenningskriterium.

Det vert dessutan presentert nokre avgrensingar, altså kva prosjektet ikkje omfattar.

Ein del eksisterande nettsider, som NFB, CSI, NHH Alumni, SNF, AFF og Finans|Bergen, er av ulike årsaker halde utanfor prosjektet, men det nye systemet vil bli tilrettelagt slik at nye nettstader kan innlemmast seinare.

Andre forskingssenter- og konferansesider som finst utanfor NHH sitt hovudverktøy, skal samlast på nye nhh.no, men flytting av eksisterande innhald frå desse sidene er ikkje ein del av prosjektet.

Finn info og oppdatering på Innsiden

Nettprosjektet har eit eige område på intranettet Innsiden

Her finst m.a. oversikt over involverte i nettprosjektet og statusoppdateringar for arbeidet.

Det finst dessutan svar på ein del grunnleggjande spørsmål av typen «Kvifor må vi gjera dette og kvifor i all verda må vi skriva alt heilt på nytt?»


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive