Norengros erstattar Staples

Norengros er NHH sin nye leverandør av kontorrekvisita.

19.05.2015 - Sigbjørn Råsberg


Leverandøren har vunne kontrakten på basis av ulike tildelingskriterium, og det er lagt opp til ein prisingsmodell som skal sikra at me unngår store variasjonar utifrå kva som vert bestilt. Alle NHH sine kjøp av kontorrekvisita skal difor frå no av skje gjennom Norengros.

Innkjøpseininga har meldt inn til Norengros kven som er definerte bestillarar på NHH, og det er oppretta brukarar for desse. Desse vil i løpet av kort tid få tilsendt brukarnamn og passord. Ta kontakt med innkjøparane på Seksjon for økonomi viss det skulle vera spørsmål.

NHH har inngått avtalen saman med Universitetet i Bergen, Kunst- og designhøgskolen i Bergen og Høgsskolen i Bergen.

Norengros er ein solid leverandør med lager i Arna.

Som følgje av at det no er inngått ny avtale er kontrakten med Staples avslutta.

Sjå oversikt over alle rammesavtalane til NHH på Innsiden


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive