NHH endrar brukarnamnpraksis

NHH endrar praksis knytt til brukarnamn ved pålogging til ulike IT-tenester.

21.01.2015 - Red.


Årsaka er aukande behov for integrasjon mot eksterne system. For nye tenester vil e-postadresse fungera som brukarnamn.

I dei seinare år har stadig fleire IT-tenester blitt sky-baserte, altså plasserte på eksterne serverar med tilgang via internett. NHH har driv dei fleste av sine sentrale IT-tenester lokalt, men det er likevel eit aukande behov for integrasjon mot eksterne tenester.

For å få på plass ei mest mogeleg saumlaus pålogging på tvers av ulike tenester, er det naudsynt å få på plass brukarnamn som ikkje berre identifiserer brukaren, men også organisasjonen brukaren er tilknytt. For NHH-brukarar vert dette e-postadressa deira.

NHH-brukarar har i ei årrekkje kunna nytta anten tilsett-/studentnummer eller e-post ved pålogging. Men etter kvart som nye tenester vert innført vil e-postadresse vera det einaste brukarnamnet som fungerer.

Følgjande tenester støttar berre e-post som brukarnamn:

Microsoft Lync (telefoni og videokonferanse)
Office 365 for tilsette og studentar (Office.com)
Eduroam (trådlaust nett, frå 31. januar 2015)

Frå laurdag 31. januar 2015 vert det trådlause nettverket Eduroam oppdatert. Frå denne datoen vil det vera e-postadresse som er brukarnamn ved pålogging til tenesta. Dei som vil ha tilgang til det trådlause nettet via mobil, bærbar PC osb., må altså hugsa å oppdatera brukarnamnet frå denne datoen.

Brukarar som ikkje hugsar NHH-epostadressa si kan finna att adressa ved å leggja inn tilsett- eller studentnummer her.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive