Berg-Hansen overtar reisebyråtenestene

NHH har signert avtale med Berg-Hansen for levering av reisebyråtenester.

16.06.2015 - Sigbjørn Råsberg


NHH lyste i vår ut ein konkurranse om å levera reisebyråtenester. Fram til no er det Via Egencia som har hatt denne kontrakten med NHH. Etter ei grundig evaluering vart det for kort tid sidan signert kontrakt med Berg-Hansen. Innkjøpar er no, saman med Berg-Hansen, i gong med å gjera klar brukarprofilane.

Dato for overgangen frå Via Egencia til Berg-Hansen er sett til 17. august 2015.

Konkurransen vart lagt opp slik at avtalen skal gje dei som reiser på NHH si rekning insentiv til å nytta nettportalen framfor å ringja inn bestillinga eller gå om andre portalar. Bestillinggebyret på nettportalen er difor fjerna og i evalueringa vart det lagt avgjerande vekt på at Berg-Hansen hadde den beste og mest intuitive løysinga for nettportal og app. Evalueringsgruppa var samstemd om at Berg-Hansen si løysing var den beste.

Det er ynskjeleg at alle reisebestillingar skjer gjennom nettportalen. Dette vil sikra:

- rabatterte prisar i samsvar med NHH og staten sine avtalar
- rask og effektiv bestilling av reise utan gebyr
- oversikt over kvar dei tilsette er, noko som er avgjerande med tanke på krise og beredskap

Avtalen er inngått av NHH saman med Høgskolen i Bergen og Kunst- og designhøgskolen i Bergen. Det vil automatisk opprettast brukarprofilar for NHH sine tilsette og innlogging vil skje med brukaren sin NHH-epost og -passord for å sikra saumlause bestillingar.

Fram til 17. august vil bestillingar kunne skje som vanleg gjennom Via Egencia. Reiser som vert bestilt før Berg-Hansen tek over, og som skal gjennomførast etter 17. august, vil gå som normalt.

Både nettportal og app er særs intuitivt, men Berg-Hansen kjem til å arrangera eit kurs for dei som er interesserte i det. Det vil vidare verta sendt ut meir informasjon når det nærmar seg tidspunktet for leverandørbyte.

Les meir om dei ulike rammeavtalene til NHH på Innsiden


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive