Anne Line Grepne blir prosjektsjef ved NHH

Anne Line Grepne er tilsett i den nyoppretta stillinga som prosjektsjef, og byrjar 7. april, rett etter påske.

30.01.2015 - Astri Kamsvåg


Grepne er utdanna siviløkonom frå NHH (2002) og har røynsle frå både privat og offentleg sektor i konsulentselskap. Sidan 2009 har ho arbeidd som senior manager i PwC i Bergen der ho har hatt nasjonalt ansvar for prosjektleiing. Ho har òg jobba i konsulentselskapet Metier og i ulike stillingar i PwC i Oslo. Oppdragsgivarane hennar har i stor grad vore større organisasjonar med komplekse problemstillingar, og inkluderer helsevesenet, bank-, IKT- og energisektoren.

- Éin ting eg ser fram til i denne stillinga er at eg no vil få eigarskåp til ein organisasjon. Som konsulent får ein ikkje det på same måten, seier Anne Line Grepne.

Anne Line Grepne er 35 år og kjem frå Bergen. - Eg gler meg til å komme i gang på NHH, seier ho. - Eg er audmjuk i forhold til å gå inn i et miljø med så høg kunnskap og kompetanse. Eg håper eg kan bidra til at NHH får betre grep om prosjektstyring og -metodikk.

Anne Line Grepne ser fram til å komme i gang på NHH.
Foto: Astri Kamsvåg

NHH treng prosjektleiarkompetanse

Nina Skage, administrerande direktør på høgskulen forklarer om bakgrunnen for utlysinga av den nyoppretta stillinga som prosjektsjef: - Vi treng å forbetre og effektivisere den samla styringa av dei mange prosjekta ved NHH. Prosjektsjefen skal sikre god prosjektleiing, tidsstyring og planlegging av dei ulike prosjekta som høgskulen til eikvar tid har gåande. Eit viktig prosjekt som vi er i gang med no, er implementeringa av høgskulen sin strategi. Som ein naturleg konsekvens av dette vil det komme ein skog av ulike prosjekt som skal gjennomførast ved institusjonen. Vi treng ein person som er dedikert til å leie slike prosessar, seier Skage.

Sentrale oppgåver for den nye prosjektsjefen er:
- Sjølvstendig ansvar for prosjekt og bidra til mellom anna alumni, eksterne relasjonar og undervisningsteknologi
- Hente ut gevinstar og synergiar i oppgåver og prosjekt gjennom effektiv dimensjonering og kapasitetsutnytting
- Gi råd i samband med val og implementering av prosjektstyringsverktøy og metodikk
- Ivareta rolla som ressurs og sparringpartnar på prosjektarbeid internt

Prosjektsjefen skal inngå i den administrative leiargruppa og rapporterer til administrativ direktør.

Les artikkel på Paraplyen i desember 2014: Budsjett med rom for satsing


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive