Slik var NHH Forum

Ein nesten fullsett Aula fekk innsikt i kvifor Fredriksen-familien har valt å investere i oppdrettsgiganten Marine Harvest.

02.09.2015 - Tekst: Øyvind Torvund. Foto: Silje Katrine Robinson


Til NHH Forum stilte Marine Harvest med styremedlem Cecilie Fredriksen og konsernsjef Alf-Helge Aarskog. Dette er ein av dei første gongane at Fredriksen har heldt føredrag på ein konferanse som dette.

I føredraget forklarte ho kvifor Fredriksen-gruppa har investert i havbruk og korleis dei ser på utsiktene for næringa.

Ho forklarte at far hennar, John Fredriksen, i 2005 såg at shipping hadde nådd ein syklisk topp slik at det var behov for å vurdere andre sektorar. Dermed slo dei til på fiskeoppdrett.

- Filosofien vår er å gå inn i selskap der vi kan tilføre verdiar. Ei solid kontantbehaldning er avgjerande for å forsvare selskapa og så kan vi slå til som ein hauk når sjansen byr seg, sa Fredriksen.

Les media si dekning av årets NHH Forum: DN.no, E24, BT.no og Ilaks.no

Her ser du nokre av bileta frå årets NHH Forum:

LAKS TIL PAVEN: - Kvart einaste år får Paven i Roma laks til jul. Dersom det er godt nok for han, så er det godt nok for oss, sa Cecilie Fredriksen under føredraget.
LEIAR EIN BLÅ REVOLUSJON: Konsernsjef Alf-Helge Aarskog snakka om korleis Marine Harvest har utvikla seg til å bli en leiande global proteinprodusent. Han diskuterte også korleis selskapet skal kunne vekse vidare innan dei tre forretningsområda fôr, oppdrett og sal og marknad.
STOR INTERESSE: Aulaen var så godt som fullsett under føredraga.
FØREDRAGSHALDARANE: Føredraga til Fredriksen og Aarskog vart kommentert av førsteamanuensis Linda Nøstbakken frå institutt for samfunnsøkonomi, førsteamanuensis Eirik Sjåholm Knudsen frå institutt for strategi og ledelse og postdoktor Sabina Du Rietz frå institutt for regnskap, revisjon og rettsvitenskap.
LUNSJ: Etter programmet i Aulaen vart det servert sushi i studentkantina.
LAKSEFRELST: - Laks er ein fisk eg kan ete til frukost, middag og kvelds, sa Cecilie Fredriksen i føredraget sitt. Den fall tydelegvis i smak som lunsj også.
GOD STEMNING: Studentane sette pris på gratis lunsj.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive