Betre på børs enn på konto?

Kommentar: Det er urovekkjande at mange frivillige organisasjonar, stiftingar og samvirke har sin finanskapital i bankinnskot framfor å velje andre alternativ med betre avkastning, skriv førsteamanuensis Aksel Mjøs i Aftenposten.

22.06.2015 - Aksel Mjøs


Frivillige organisasjonar, foreiningar, stiftingar, boligbyggjelag, burettslag og samvirke har over 190 milliardar i finanskapital (kontantar, bankinnskot og finansielle plasseringar, Rekneskapsregisteret, 2012).

Organisasjonane skal enten arbeida for gode føremål eller for medlemmene sine, og fyller difor sentrale oppgåver i samfunnet.

Mesteparten er innskot i bank

Forvaltninga av denne kapitalen er viktig. Med 1 prosent betre avkastning på 190 milliarder vert det 1,9 milliardar meir til føremåla - årleg! I gjennomsnitt hadde boligbyggjelag 60 prosent av eigendelane sine i finanskapital, foreiningar og lag hadde 69 prosent, samvirke 41 prosent og stiftingar 75 prosent.

Ser ein nærare på korleis denne finanskapitalen er plassert, viser det seg at mesteparten står som innskot i bank og ikkje er langsiktig investert i finansmarknaden.

Spørsmåla er om dei har for mykje kapital, om dei har kompetanse til å forvalta denne og faren for vanstyre generelt. For ordens skuld: eg har djup respekt for det desse organisasjonane betyr i samfunnet.

Dei forvaltar gåver, frivillig innsats og medlemmene sine økonomiske interesser, men og offentlege tilskot. Ein må difor kunna reisa kritiske spørsmål. Har dei mykje «pengar på bok» i staden for å realisera føremålet eller å dela dei ut til medlemmene?

Organisasjonar som har usikre inntekter, treng reservar for å sikra forsvarleg drift. Foreiningar har i gjennomsnitt finanskapital som tilsvarar eitt års drifts- og finanskostnader. Til samanlikning krev ein at bankar har likvide midlar som dekkjer kostnader for ein månad.

Romslege finansar = lite kostnadseffektiv

Det er generelt ei utfordring om det er for mykje finanskapital. Kapitalen er enten skapt gjennom lønsam drift, for lite arbeid med føremålet eller at den eigentleg kunne ha vore delt ut til medlemmene. Det er og ei kjensgjerning at om ein har det romsleg finansielt, så vert ein mindre kostnadseffektiv.

Kapitalforvaltning er eit krevjande fagfelt, jamfør debatten rundt avkastninga i Statens Pensjonsfond Utland. Det er likevel akseptert innsikt at ein bør utvikla ein forvaltningsstrategi som balanserer avkastning og risiko og typisk inneheld aksjar og obligasjonar.

Her strekk ikkje reine bankinnskot til. Eksempelvis har Oslo Børs gjeve 12,1 prosent i gjennomsnittleg avkastning fram til slutten av mai i år, medan bankinnskot gjev 1 - 2 prosent i årleg rente. Dette er berre ein kort periode, men normalt er det stor forskjell i forventa avkastning mellom bankinnskot og balanserte porteføljar.

Over halvparten i bankinnskot

I lys av dette er det urovekkjande at langt over halvparten av foreiningar, stiftingar og samvirke har all sin finanskapital i bankinnskot. Om ein ser på gjennomsnittet for dei 100 største av kvar type, er det snakk om betydeleg finanskapital, frå eksempelvis 14 millionar kroner for burettslag og 382 millionar for foreiningar/organisasjonar til 785 millionar for stiftingar.

Forvaltning av slik kapital krev spesialistkompetanse. Samanlikna med «venstrehandsforvaltning» ,der ein kjøper aksjar på impuls, er jo likevel bankinnskot langt å føretrekkja. Investeringsstrategien bør tilpassast kva risiko ein kan ta, men det er nesten like viktig med ei bevisstgjering rundt korleis ein skal forvalta kapitalen.

Konkret gjeld dette fullmakter, rapportering, etiske rammer og handtering av uventa utfordringar.

Tilfeldig kven som engasjerer seg

Kapitalutfordringane er tett knytt til at denne type organisasjonar, med unntak av stiftingar, har svært mange likeverdige medlemmer, gjerne fleire titusen. Utfordringa med mange medlemmer er at det vert litt tilfeldig kven som engasjerer seg i styre og stell.

I eit aksjeselskap vil vanlegvis nokre aksjonærar eiga meir enn andre og difor ha økonomiske incentiv til å sikra betre styring. Utan å underkjenna bidraget frå sentrale eldsjeler, så er det fare for at dei som engasjerer seg representerer særinteresser og/eller ikkje har den kompetansen som organisasjonen eigentleg treng.

Medlemmene kollektivt kan difor kjenna seg avmektige overfor sterke personar i styre og leiing.

Til dømes vil enkeltmedlemmer sjeldan ønskja å ta belastninga med å kasta ei dårleg leiing når det er lettare å berre melda seg ut.

Våre data på NHH indikerer at dagleg leiar i slike organisasjonar berre vert skifta om lag 1/3-del så ofte som i næringslivet. Det kan tyda på at svak leiing er beskytta mot nødvendig utskifting. Det er ein uheldig kombinasjon dersom leiarskap utan god kontroll disponerer ein stor finanskapital på eiga hand.

«Må ha» dyre hovedkontor sentralt

Som eit apropos til dette er det underleg å sjå kor mange organisasjonar som «må» ha hovudkontor i store, verdifulle eigedomar sentralt i Oslo. Det er sikkert kjekt for leiinga å arbeida sentralt, men ved å flytta ut og så selja eigedomane vil ein frigjera kapital til føremåla.

Eg vil oppfordra engasjerte medlemmer og andelseigarar til å stilla krav til sine styre om aktiv kapitalvurdering. Med god forvaltning kan ein enten bruka kapitalen, og inntektene av den, til føremålet, eller dela han ut til medlemmene.

Stiftelsestilsynet må og krevja god forvaltning av kapitalen i stiftingane, ikkje berre at ein unngår det direkte uforsvarlege. Dette er eit samfunnsområde der finanskompetanse verkeleg kan gjera ein forskjell.

Kommentaren var på trykk i Aftenposten 21. juni.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive