Rekruttering i verdsklasse

Kommentar: Vi vil ha topp universitet. Spørsmålet er om pengar kan dekkja over det kanskje aller viktigaste: Vi må rekruttera dei beste forskarane, og då må vi ofte utanfor Noreg, skriver førsteamanuensis Aksel Mjøs.

26.01.2015 - Aksel Mjøs


Det er viktigare for meg at Norges Handelshøgskole (NHH) rekrutterar dei beste forskarane enn at eg beheld jobben.

Eg er fast tilsett, statleg forskar, så det har få konsekvensar for meg å koma med ein slik påstand. Likevel, dette dreier seg om svært viktige prinsipp for utviklinga av høgare utdanning.

Kunnskapsdepartementet er oppteke av kvalitet i høgare utdanning. På ein konferanseNHH i januar i år gjennomgjekk statssekretær Bjørn Haugstad sju punkt i den samanheng. Det var oppmuntrande at tre av desse gjeld kvaliteten på forskarane: «Utvikle verdensledende forskningsmiljøer», «Sørge for at Norge lykkes i Horisont 2020 (EU-midlar)», og «Rekruttering, stillingsstruktur og karriereveiledning».

Tvil

Eg er likevel i tvil om spørsmålet får nok merksemd. Etter mi vurdering er ambisiøs rekruttering i verdsklasse det viktigaste for å løfta kvaliteten. Dersom universitet og høgskular løftar kvaliteten på sine tilsette, vil ein òg handtera dei andre utfordringane langt lettare.

Bruken av midlar på forsking kan kun forsvarast dersom den er relevant i reell internasjonal konkurranse, og difor må ein aktivt oppsøkja ein global arbeidsmarknad.

Verdsklasserekruttering tek ulike former i ulike fagfelt, men grunnideen er å ambisiøst rekruttera dei beste forskarane institusjonen får tak i.

Eg tar sjansen på å skryta litt av min eigen arbeidsplass, Institutt for Finans ved NHH. Der har vi sidan 2004 rekruttert ti forskarar internasjonalt. Desse har doktorgradar frå gode universitet i Europa og USA, og dei aller fleste har kvalifisert seg for faste stillingar etter post-doktorperioden på fire år.

Det globale jobbmarkedet

Stillingane våre vert lyste ut via American Finance Association (AFA), den leiande forskingsorganisasjonen i finans. Via AFA sine jobblister på e-post fekk vi i fjor 110 søkjarar. I tillegg til CV og forskingsarbeid er anbefalingsbrev den viktigaste informasjonen.

Veiledarar og andre seniorprofessorar skriv utfyllande og nyanserte brev der dei ofte også rangerar søkjaren opp mot andre kandidatar frå same universitet.

Jobbmarknaden fungerer slik at både kandidatar og universitet som skal rekruttera, møtast på den årlege AFA-konferansen rett over nyttår. I år var denne i Boston. Vi intervjua 25 kandidatar i løpet av konferansen. Tilsvarande hadde kandidatane også intervju med andre moglege arbeidsgjevarar.

Av dei vi møtte, inviterte vi rundt ti til NHH for ein siste runde. Ved eit slikt «fly-out»-besøk presenterer dei sitt viktigaste forskingsarbeid og har samtalar med dei fleste på instituttet.

Eksotisk og avsides

Etter denne prosessen har vi eit rimeleg godt inntrykk både av søkjarane sin kvalitet og kva sjanse vi har for å få dei. Vi er alltid ambisiøse og rangerer dei beste søkjarane, men har enkelte år erfart at vi ikkje nådde opp hjå desse og fekk ingen.

Vi må difor også fokusera på sannsynlighet for aksept. NHH og Bergen er eksotisk og avsides for ambisiøse forskarar som helst vil til dei beste finansinstitutta i verda. Dette er ein realitet som vi likevel ønskjer å utfordra heile tida.

Vi tilbyr meir forskingstid og mindre undervisning, god tilgang til forskingsmidlar, eit familievenleg samfunn, fantastisk natur, god næringslivskontakt og etter kvart ei stadig sterkare forskargruppe. Det som talar mot oss, er ei kort kvalifiseringstid for fast stilling.

I USA har ein sju år til å visa at ein duger for fast stilling, mens det i Noreg kan vera vanskeleg å dokumentera forskingskvalitet på dei fire åra vi kan tilby. Lønene er lågare, særleg samanlikna med USA, der gode universitet no tilbyr nyutdanna finansforskarar over 1,5 mill.kr.

Det viktigaste er uansett forskargruppa, sidan gode kandidatar er svært opptekne med å koma i ambisiøse, forskingsfokuserte miljø. Dette kan bare langsiktig kvalitetsoppbygging gjera noko med. Instituttet har i dag 14 tilsette og like mange doktorgradsstudentar frå i alt 11 land, eit fargerikt fellesskap i stadig utvikling.

Global rekruttering

Ein konsekvens av å tenkja global rekruttering er at det vert uvanleg å tilsetja eigne doktorgradskandidatar og at desse sjølve må ut å søkja seg jobbar. Mange hevdar at den ultimate kvalitetsindikatoren på eit forskingsmiljø er kor gode jobbar nyutdanna doktorgradskandidatar får.

I land som Tyskland er det til dømes ikkje lov å tilsetja sine eigne kandidatar, medan det har vore vanleg i Noreg. Slik legg ein òg til rette for spanande, internasjonale forskarkarrierar.

Globaliseringa slår gjennom på alle felt innan høgare utdanning. Arbeidslivet treng studentar som er trygge og kompetente i ein global marknad, forskingskvalitet vert målt gjennom publiseringar i dei beste journalar internasjonalt, og forskarar får vera del av ein fantastisk spanande global arbeidsmarknad. Lokale tilhøve vil vera viktigare i somme fag og særleg i lågare utdanningar, men hovudretninga står likevel fast.

Still krav til prosessane

Mitt råd til Kunnskapsdepartementet er difor å stilla krav til alle tilsettingsprosessar på universitet og høgskular om at dei rekrutterer like profesjonelt og ambisiøst som dei beste innan sine felt internasjonalt. Dette er ei leiarutfordring som òg inneber å arbeida aktivt for å verta meir attraktiv for internasjonale kandidatar.

I ein sektor som har ansvaret for å byggja samfunnet sin humankapital, kan ein ikkje slurva med standardane, og finn ein ikkje gode nok folk, er det betre å la stillingar stå opne.

Ein må alltid rekruttera sterkare kandidatar enn ein sjølv - og kandidatar som også er attraktive for andre gode institutt! I den pågåande strukturdebatten i sektoren er det eit tankekors korleis mindre høgskular skal evna å rekruttera forskarar med tilstrekkeleg kvalitet.

Kommentaren var på trykk i Aftenposten 25. januar.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive