Christel Florvåg ny konsulent

Ho skal i hovudsak jobbe med oppgåver knytt opp mot økonomi- og personalarbeid, i tillegg til generell administrativ sakshandsaming på Institutt for samfunnsøkonomi.

16.01.2015 - Astri Kamsvåg


Christel Florvåg er 36 år og har nett byrja i den faste stillinga som konsulent på Institutt for samfunnsøkonomi.

Florvåg er utdanna tannteknikar og har arbeidd som det i mange år. Då tannteknikarbransjen blei ramma av nedbemanning for eit-par tre år sidan, bestemte ho seg for å skifte beite og tok til å utdanne seg innan rekneskap, løn- og personalarbeid og administrasjon.

Det siste året har Florvåg hatt ei administrativ stilling på Bergen maritime videregåande skule og maritime fagskule.

På fritida er ho aktiv innan musikk, og spiller sjølv klarinett.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive