Kva med rekrutteringa?
Innlegg: Det er ei trist kortslutning om ambisiøst kvalitetsarbeid i denne sektoren i praksis berre resulterar i store, men internt fragmenterte institusjonsstrukturar, utan at ein løfter kvalitet gjennom betre fagstab, skriv førsteamanuensis Aksel Mjøs.
20.02.2015 - Aksel Mjøs
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen skriv offensivt om utvikling av universitets- og høgskulesektoren i Dagens Næringsliv 11. februar.
Innlegget drøftar (som vanleg) i hovudsak restrukturering (samanslåingar) som dei viktigaste tiltaka for å løfta sektoren. Det kan truleg ha eindel for seg, i allefall om det også medfører ekte intern restrukturering til sterke og tydelege fagområder og nedlegging av ikkje robuste einingar.
Det er likevel sjokkerande at ikkje kvaliteten til fagstaben vert nemnd med eitt ord. Hensikten med sektoren er å byggja humankapital, og då er folk langt viktigare enn strukturar.
Konkret betyr dette at institusjonane si evne til å skaffa seg topp fagfolk, vert eit sentralt kriterie for suksess og ressurstildeling. I tillegg til at ein gjennom aktivt leiarskap hjelper dei som ikkje høver her, inn i anna arbeid.
Dette betyr å gjera det attraktivt for norske og internasjonale fagfolk å arbeida på spanande institutt med nok ressursar og konkurransedyktig løn og arbeidsvilkår. I tillegg må institusjonane påleggjast å søkja med lys og lykte etter dei aller beste dei på noko vis kan få tak i innan sine fagfelt.
Det er ei trist kortslutning om ambisiøst kvalitetsarbeid i denne sektoren i praksis berre resulterar i store, men internt fragmenterte institusjonsstrukturar, utan at ein løfter kvalitet gjennom betre fagstab.
Innlegget var på trykk i DN 13. februar.
|