- NHH har gått gjennom store endringar

Turid Gabrielsen, førstekonsulent på Institutt for foretaketaksøkonomi, går av med pensjon i slutten av august.

21.08.2015 - Tekst og foto: Astri Kamsvåg


Den siste tida brukar ho til å rydde, og då dukkar det opp mykje arkiv-verdig materiale. Mellom anna har ho funne sirleg handskrivne protokollar og lause ark skrivne på skrivemaskin, frå tida før rettetasten blei funnen opp, dei eldste frå 1931. - Det er mykje NHH-historie som er dokumentert her, seier ho. - Det er viktig at vi tar vare på det. Turid sorterer funna for å overlevere dei til NHH-arkivet. I dokumenta har ho komme over driftsrekneskåpet for 1936. Det var på 19.991,83 kroner.

I ein avisartikkel saksa frå avisa Dagen 30. mars 1931 argumenterast det godt for etableringa av eit forretningsøknomisk forskningsinstitutt i Bergen: «I andre land drives den slags forskning meget intenst og det er ikkje vanskelig å se nytten av den», står det. «Forretningsøkonomi er det mest typiske fag ved en Handels-Høiskole - det er det fag, som gir den sitt særpreg og som bygger broen fra den videnskapelige verden og rett inn i det pulserende næringsliv».

- Det er bra at nokon samvitsfullt har tatt vare på dette og limt det inn i ein protokoll, kommenterer Turid.

"Forretningsøkonomisk institutt bør straks oprettes i Bergen", sto det i avisa Dagen 30. mars 1931.

Streng budsjettstyring

Turid var 26 år gamal då ho blei tilsett ved NHH i 1973. Det første møtet med den nye arbeidsplassen var ein skuffelse. Ho blei tilsett frå tysdag 16. oktober, men ho trudde ho skulle starte dagen før, så ho troppa opp klokka 08.00 måndag 15. oktober. Ho ble sendt rett heim igjen med beskjed om at det ikkje var rom i budsjettet til løn for ein dag ekstra.

Ho fortel om då kopieringsmaskina kom til instituttet for å overta etter stensileringsmaskina. Å kopiere ark var kostbart, og dei vitskapeleg tilsette fekk berre lov til å ta 30 kopiar kvar i veka til undervisning og anna. I telleskrittprotokollen frå 1984 les vi at Frøystein Gjesdal som då var førsteamanuensis, heldt seg innanfor kvota si. Kopieringsøkter på ein, to og tre kopiar er ført inn i protokollen for hand. - Det var ein lettelse for oss kontortilsette då vi slutta å stensilere. Lukta reiv i nasen i stensileringsrommet, og vi brukte forkle for ikkje å få dei sterke stoffa på kleda.

Krava til rapportering var annleis då enn no, fortel ho. - Byråkratiseringa og rapporteringa har auka dramatisk sidan '90-talet, utdjupar Turid.

Reknemaskina av merket Friden kosta 7.000 kroner då ho blei innkjøpt i 1954.

Respekt for statlege midlar

Turid fortel at dei tilsette hadde større respekt for statlege midlar før. Ho fortel: - Eg hugsar godt første gongen nokon frå instituttet skulle ut og ete middag saman med gjestar frå Amerika. Å gå på restaurant for skattebetalarane sine pengar var uhørt! Det vart mykje snakk om det i korridorane, kan du tru. Vi fekk og tydelig melding om å slå av lysa i alle rom når dei ikkje var i bruk for straum var dyrt.

Livet før og etter fleksitida

I løpet av alle desse åra har Turid vore med på store endringar både på instituttet, på NHH og i arbeidslivet generelt. Det som ho har sett mest pris på var innføringa av fleksitida. - På grunn av dårlege bussamband arbeidde eg sju minutt for lite kvar veke, hadde sjefen min notert seg. Dette var sjølvsagt tid som eg måtte ta igjen innanfor arbeidstida. Då eg kunne flekse, kunne eg anten komme tidlegare enn klokka 8 eller gå heim seinare enn 15:45. For meg var dette ei markant betring.

Kvinneandelen

Det var ikkje før i 2000 at den første kvinna blei tilsett i fast vitskapeleg stilling ved Institutt for foretaksøkonomi. Det var Mette Bjørndal. - Det er berre 15 år sidan! Frå Norges Handelshøgskole blei oppretta i 1936 til den første kvinna blei tilsett gjekk det altså 64 år… Og at alle tilsette i såkalla kontorstillingar var kvinner, var sjølvsagt dei første åra eg var her.

- Eg hugsar ein gong på nittitalet då dåverande rektor ved Universitetet i Oslo, Lucy Smith, heldt innlegg på Jentedagen. Ei av jentene i salen spurte: Kva med dei eldre mennene på Institutt for foretaksøkonomi, korleis skal vi få dei interessert i å få fleire kvinnelege studentar? Rektoren svarte: - Etter kvart dør dei jo ut, og mange av dei har vel døtrer? Det blei latter i salen då, minst Turid.

Slik så reknemaskinene ut i 1934. Denne er av merket Facit.

Meir formelt

Tonen på telefonen var veldig formell før, seier Turid: - Kven tør eg melde? skulle eg svare. Rektor Olav Harald Jensen brukte De-forma konsekvent og kalla meg Fru Ohlen. No er eg berre Turid.

Forholdet mellom studentane og professorane har endra seg mykje sidan 1970-talet. Skulle ein student snakke med professoren, sto han med lua i handa, mimrar Turid. No er professorane meir tilgjengelege for studentane, det er jo veldig enkelt å sende ein epost i staden for å møte opp fysisk. Eg har inntrykk av at studentane forventar meir no enn før.

Digitalisering

Andre endringar som har vore bra, synst Turid, er innføringa av læringsstøtteplattforma Itslearning. - I mange år kom studentane opp hit og henta undervisningsmateriale som kopiar og den slags. No finn dei det på Itslearning. Det frigjer tid for oss administrativt tilsette.

-NHH har vore ein god arbeidsgivar, seier Turid.

Variert arbeid

På spørsmål om kva det er som har gjort at Turid har blitt værande på NHH så lenge, svarar ho: - Eg har hatt mange kjekke kollegaer gjennom åra, og har gjort forskjellige arbeidsoppgåver. Det skjer mykje på NHH, miljøet er internasjonalt og eg kjem i kontakt med mange menneske. Eg har aldri hatt ein kjedeleg dag. Særleg godt likar eg å organisere konferansar og seminar. Geiloseminaret har eg hatt administrativt ansvar for i 20 år. Eg har og arbeid mykje med økonomi. NHH har vore ein god plass å være.

Elles har Turid satt pris på å kunne bruke NHH-hytta på Kvamskogen, både sommar- og vinterstid. Dugnadane og haustturane som hyttestyret inviterte til, har alltid vore kjekke å være med på.

Planar framover

- Eg føler meg klar for å slutte på høgskulen no. Det eg drøymer om, er å få sommarjobb på Svalbard, det verkar spennande. Meir realistisk er det vel å arbeide litt som eksamensvakt her på høgskulen. Eg har og planar om å byrje på franskkurs, få orden på alle fotografia mine og å gå tur. Og så vil eg jo få meir tid med dei fem barnebarna mine. Eg ser fram til å disponere tida mi sjølv no.

Dyktig og omsorgsfull

Institutt for foretaksøkonomi markerte at Turid blir pensjonist på ei samling 18. august i samband med starten av det nye studieåret. I tala si sa instituttleiar Frode Sættem mellom anna: - I tillegg til at Turid er ein dyktig administrator, har ho vore 'limet' på instituttet. Ho har tatt seg av oss på aller beste måte, som ei slags 'mor' eller omsorgsperson som har sørgt for å halde tradisjonar ved like og har tatt hand om å integrere nykommarar. Han trakk fram evnene hennar til å legge forholda til rette, ofte med ein oppmuntrande kommentar, og at ho alltid har ytt meir enn dei kunne forvente. - Turid er ein viktig kulturbærar for NHH. No er det opp til oss å føre arva vidare, sa Frode.

Det blir avslutningsmiddag på Stupet for dei næraste kollegane hennar 28. august.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive