Kan slappheit gjere verda grønare?

Vi innbiller oss at fornufta styrer vala våre. Problemet er at vi er litt slappe, sjølv når det gjeld viktige klimasaker.

10.04.2015 - Sigrid Folkestad


Mathias Ekström er postdoktor ved NHH. I artikkelen Can Indifference Make the World Greener? har han og Johan Egebark teke utgangspunkt i slappheita vår - og eksperimentert med denne.

Utnytte slappfiskmentaliteten

Vi veit kva som er bra for oss, likevel vik vi ofte unna dei avgjerdene som skal få oss i rett retning.

- Det vi tenkte, var om folk kan bli miljøvenlege berre ved å utnytte slappheita deira, seier Ekström, som er knytt til The Choice Lab ved Institutt for samfunnsøkonomi.

Det finst fleire ulike måtar å påverke oss i ei meir miljøvenleg retning. Du kan informere, aktivt presse på med moralske oppmodingar eller bruke økonomiske insitament, til dømes ved dyrare bensin eller skattelette.

- Eller du kan gje folk dytt i rett retning, ved å gjere miljøvenlege val lettare tilgjengelege.

NHH-forskaren gjekk inn i 18 avdelingar ved eit universitet i Sverige og endra standardalternativet på skrivarane frå utskrift på ei side til tosidig utskrift, i ulike periodar.

Valet er teke

- Når det finst eit alternativ som er teke på førehand, vel folk nett det alternativet sjølv om det er fritt fram å velje annleis. Om skrivaren står på tosidig utskrift, tek vi ikkje initiativ til å velje utskrift på ei side, og motsett. Sånn sett kan verda bli grønare på grunn av at vi er slappe - om vi vel rett standardalternativ. Resultatet frå studien viser at papirmengda minkar med 15 prosent på grunn av endringa til tosidig standardalternativ.

Det som også er interessant, meiner Ekström, er at mange avdelingar ved universitetet skulle ha innsett dette og endra innstillinga til dobbeltsidig. Om ikkje av klimaomsyn, så i det minste fordi ein sparar pengar.

- Det er nettopp her åtferdsøkonomien kjem inn. Vi er ikkje den Homo Economicus som tekstboka går ut frå, seier Ekström.

Oppmodingar frå leiinga?

Som ein del av eksperimentet, sjekka dei også effektane av ein meir typisk intervensjon i bedrifter: Ei skriftleg oppmoding om å bruke mindre papir. Ein miljøkoordinator sendte e-post til tilsette på somme avdelingar med melding om at dei burde skrive ut på begge sidene av arket.

- I undersøkinga vår ser vi at e-posten ikkje hadde nokon effekt. Dette trass i at heile 30 prosent av dei spurde sa at brevet kom til å påverke dei til å skrive ut tosidig.

- Så vi lurar oss sjølve?

- Ja, presis! Eller så nektar vi å erkjenne at vi ikkje sjølve strekk til.

Blir nudga

- Når skrivaren blir førehandstilt på dobbeltsidig utskrift, blir vi nudga?

- Ja, det er absolutt ein nudge. Det vil seie at vi blir dulta i ei meir klimavenleg retning, seier Ekström.

Nudging er policy basert på åtferdsøkonomiforskinga.

- Resultat frå denne veksande delen av økonomifaget viser stadig at folk tek avgjerder basert på deira kortsiktige og slappe interesse, men at «dulting», ved å presentere val på andre måtar, kan påverke vala våre i ei retning som tener både samfunnet og vårt framtidige eg, meiner Ekström.

Studien til Ekström er eitt av ganske få eksperiment som undersøkjer akkurat dette i ein naturleg kontekst.

Mathias Ekström. Foto: Helge Skodvin

Fakta

- I England har regjeringa teke åtferdsforskinga ut i praksis ved å byggje opp ein nudge unit; The Behavioural Insights Team. Verdas første regjeringsinstitusjon som skal bruke åtferdsforskinga i politikkutforminga.

- «Nudge: Improving Decisions about Health, Wealth, and Happiness» (2008) av Richard H. Thaler og Cass R. Sunstein

- The Choice Lab ved NHH

- Artikkelen er publisert i NHH Bulletin nr. 1/2015 (issuu)


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive