Vil løfte fram mellomleiarane

Monica Rydland (Foto: Øyvind Torvund

- Mellomleiarane har ei viktigare rolle enn mange trur, seier stipendiat Monica Rydland. Ho skal forsvare NHH si ære under Forskar Grand Prix.

23.09.2014 - Øyvind Torvund


- Eg grugledar meg. Å vere med på dette er inspirerande og krevjande på same tid. Det har vore ein lærerik prosess, og eg er utruleg stolt over å få representere NHH, seier Monica Rydland.

Stipendiaten på institutt for strategi og ledelse er i ferd med å gjere unna dei siste førebuinga til Forskar Grand Prix. Konkurransen går ut på at ti stipendiatar får fire minutt kvar til å presentere forskinga si. Dei fire beste går til ei finalerunde der dei får ytterlegare seks minutt til å snakke om forskinga si. Dei to beste i denne siste runda går vidare til den nasjonale finalen i Oslo.

- Eg trur på fri flyt av kunnskap mellom akademia, næringslivet og resten av samfunnet. Dette var ein av hovudgrunnane til at eg ville delta. I tillegg likar eg å utfordre meg sjølv, seier Rydland.

- Ekstremt viktige

Rydland forskar på mellomleiarar og korleis dei byggjer det som på fagspråket heiter endringskapasitet. Dette er evna ein organisasjon har til å gjennomføre mange endringar samtidig.

- Mellomleiarane er ekstremt viktige for at ein organisasjon skal kunne gå frå ord til handling. Dei har kontakt med toppleiinga, kollegaer, medarbeidarar og ofte kundar og leverandørar. Eg vil løfte mellomleiarane fram som ei kraft i organisasjonane, seier Rydland.

Ho har sjølv fleire års erfaring som mellomleiar i næringslivet, og har erfart kor utfordrande denne rolla kan vere.

- Eg jobba i Vesta då vi vart kjøpt opp av Tryg og gjekk frå å vere eit norsk til eit nordisk selskap. Plutseleg sat toppleiinga i København og ikkje i etasjen over deg på kontoret i Fyllingsdalen. I denne prosessen var det svært mange endringar som kom samtidig, seier stipendiaten.

Inspirasjon frå korpsmusikken

Ho vil ikkje avsløre så mykje om korleis ho vil legge opp presentasjonen under Forskar Grand Prix.

Men ho kan røpe at ho mellom anna har henta inspirasjon frå korpsmusikken, der ho er aktiv.

- Under førebuingane har eg også fått testa teatersport og stadig blitt skubba ut frå komfortsona. No ser eg fram til å stå på scena, seier Rydland.

Forskar Grand Prix
Dato:Onsdag 24. september
Tid: 19.00 - 21.30 (Dørene åpner kl.18.00)
Stad: Kultursalen på Høgskolen i Bergen.

Les meir på nettsidene til Forskningsdagene i Bergen

Monica Rydland (Foto: Øyvind Torvund)
Monica Rydland representerer NHH under Forskar Grand Prix 2014.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive