Ny postdoktor i fransk

Anje Müller Gjesdal er tilsett som postdoktor ved institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon.

05.09.2014 - Øyvind Torvund


Gjesdal er 37 år og kjem frå Universitetet i Bergen der ho har jobba sidan ho fullførte doktorgraden i 2008.

- Det er veldig kjekt å prøve noko nytt. Eg kjem til eit institutt som har eit godt rykte. Instituttet fekk gode tilbakemeldingar på evalueringa som nyleg vart gjennomført, seier Gjesdal.

For tida forskar ho mellom anna på klimadebattar. Ho ser på korleis alt frå politikarar, vitskapsfolk, NGOar og vanlege folk tolkar ulike bodskap. Gjesdal underviser også på bachelorkurset «Frankrike: samfunn og økonomi».

- Det har vore veldig kjekt å forelese her. Studentane er aktive, uredde og stiller gode spørsmål, seier Gjesdal.

Ho skreiv nyleg ein kronikk om krisen i Frankrike. Den kan du lese her.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive