Klarinettkonsert i studentkantina

Bergen Filharmoniske Orkester (Foto: Oddleiv Apneseth)

Tysdag vert det kammerkonsert i studentkantina med ein klarinettkvintett frå Bergen Filharmoniske Orkester.

15.09.2014 - Hallvard Lyssand


Bergen Filharmoniske Orkester er i gang med feiringa av 250-årsjubileet sitt.

Eit av jubileumstiltaka er å oppsøka folk og spela konsert for dei der dei er under tittelen Orkesteret på byen. Totalt skal det spelast rundt 100 konsertar i og rundt Bergen i løpet av fem septemberdagar.

Tysdag er det NHH som får besøk. Klokka 11 og 12 tysdag vert det konsertar med ein klarinettkvintett i studentkantina i Servicebygget.

Konsertane varar i ca. 20 minuttar kvar og er gratis. Det vert teke atterhald om at det kan skje endringar på kort varsel.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive