- Finansverda treng betre leiarskap

 Björn Wahlroos (Foto: Helge Skodvin)

Finansverda treng betre leiarskap for å kunna fylla og synleggjera den viktige rolla si i verdssamfunnet, meiner Björn Wahlroos. Medfødde evner og ei lærebok frå det finske infanteriet er sentrale ingrediensar i oppskrifta hans på å få det til.

22.09.2014 - Hallvard Lyssand


Årets Lehmkuhlførelesar, Björn Wahlroos (f. 1952), byrja karrieren sin i akademia, men melde overgang til finansverda midt på 1980-talet. Tidleg på 2000-talet vart han konsernsjef i Sampo, som under hans leiing vaks til å bli ein av Skandinavias største finansaktørar, som m.a. eig forsikringsselskapet If, og over 20 prosent av aksjane i Nordea Bank AB.

I 2009 vart Wahlroos styreleiar i selskapet. Han er også styreleiar i Nordea Bank AB, der Sampo er storeigar, i den finske treforedlingsverksemda UPM-Kymmene og ved sin alma mater, Hanken School of Economics.

Meir kunst enn vitskap

Wahlroos er kjent for å gje klart uttrykk for meiningane sine, og vert då også ofte bede om å kommentera alt frå finansmarknader via skattar til budsjettdisiplin.

Han var imidlertid invitert til å halda Lehmkuhl-førelesinga for å snakka om leiarskap, eit tema der han vedgjekk å ha færre klare svar enn på områda han elles kommenterer.

- For meg er leiing meir kunst, og mindre vitskap enn samfunnsøkonomi. Det er få universelle prinsipp å finna for selskapsstyring og endå færre for leiarskap, og det er vanskeleg å driva streng teoretisk analyse på leiingsområdet.

- Mange - og eg trur eg reknar meg sjølv blant desse - vil hevda at leiarar vert fødde, ikkje opplærte. Men det er likevel noko å læra frå erfaring, og ut frå mine eigne erfaringar vil eg prøva å skilja ut nokre omgrep og idear som kanskje kan vera til hjelp for nokon, sa han.

Ei finansverd

Wahlroos tok utgangspunkt i bank- og finansverda, og konstaterte at det knapt er hit ein snur seg når ein jaktar døme på framifrå leiarar.

-Vi liker å tenka at store leiarar kjem frå politikk eller industri medan finansverda er regjert av anten grå tekno- og byråkratar eller karikerte rovdyrkapitalistar, sa Wahlroos.

- Men finans spelar ei viktig, kanskje avgjerande rolle. Finanskrisa i 2008 endra rett nok mykje, men ikkje måten verda fungerer. Vi lever framleis i ei finansverd, og finansielle reformer og innovasjon har bidrege mykje, kanskje like mykje som industrien, til å betra levestandarden til mange milliardar menneske, særleg dei på botn av inntektsstegen, heldt han fram.

Prinsipp for selskapsstyring

Så korleis leia ei verksemd i denne finansielle verda? Wahlroos presenterte det han meiner er tre grunnleggjande prinsipp:

Først: Respekter marknaden. Han er velregulert og effektiv, og å tru at ein kan slå marknaden kan like gjerne vera eit teikn på overmot som at ein har verkeleg gode argument for å ta risiko.

To: Tenk deg om før du annonserer ein strategi. Finansverda endrar seg fort, og strategiar vert dermed gjerne kortlevde eller tvangstrøyer.

Tre: Ikkje bli for nær knytt til verdiane dine, om det er ein bank, eit pent hovudkontor eller eit verdipapir. Ver klar til å byta dei mot andre om det vert naudsynt.

Finansleiing etter infanterimanual

Wahlroos vedgjekk at han finn det endå meir komplisert å snakka om leiarskap generelt.

Sampo-leiaren les likevel sjeldan bøker om leiing. Han finn dei for ofte kjedelege og grunne.

Han gjer likevel eitt unntak: Sjølv sver han til del tre av feltmanualen til infanteriet i den finske hæren, der han sjølv har tenestegjort. Han gav til beste nokre råd derfrå, kombinert med eigne utdjupingar, som rettesnorer for leiarskap.

Led ved personleg eksempel. Men ikkje prøv å vera noko du ikkje er. Det vert gjennomskoda.

Lær om det dine underordna arbeider med. Du treng ikkje vera like god til alt, men bør kjenna til kva som føregår og korleis.

Ikkje skuld på ein underordna for dine eigne feil. Av og til må ein ta skulda for andre sine feil, men det tyder ikkje at ein skal la regelbrot og liknande passera. Å ikkje følgja reglar og retningsliner må få konsekvensar for dei som står for brotet.

Ta tid til å forklara alle involverte underordna kvar ein er på veg, kva som er planen, kvar fienden er og kvar dine vener er. Dette sikrar felles forståing.

Ikkje kritiser ein underordna framfor alle andre tilsette. Rettleiing og kritikk er viktig, men kan takast under fire augo for å ikkje undergrava ein mellomleiar.

Hald kampkontakt med fienden for å læra om hans styrker og svakheiter.

- Sjølvsagt lærer då konkurrenten om deg også, men det gjeld å finna balansen, sa Wahlroos.

Treng betre leiarskap

Leiarskapsråda er langt i frå berre generelle og teoretiske.

Wahlroos avslutta med å hevda at finansverda har tapt terreng etter finanskrisa, og at det delvis botnar i meir regulering administrert av «bankbyråkratar». Dette, meiner han, vil etter kvart gå utover business og industri ved at all risikovilje blir regulert bort. Og i neste omgang trugar det velferda.

- Dei som lagar lovane må forstå dette, men finansinstitusjonane må også ta ansvar gjennom betre risikokontroll, justerte kompensasjonsmodellar og større langsiktigheit. For å klara dette trengs det bestemt leiarskap og dyktig leiing.

Wahlroos si Lehmkuhl-førelesing er tilgjengeleg på nhh.no

DN.no overførte føredraget

Björn Wahlroos og Frøystein Gjesdal (Foto: Helge Skodvin)
Björn Wahlroos gav Lehmkuhl-førelesinga 2014 eit meir internasjonalt tilsnitt enn det som har vore normalt sidan førelesinga vart initiert i 1958. Her er Wahlroos mellom Kristofer Lehmkuhl og rektor Frøystein Gjesdal.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive