Birthe Kåfjord Lange ny NHHE-direktør

Birthe Kåfjord Lange (Arkivfoto)

Birthe Kåfjord Lange er tilsett i stillinga som direktør for NHH Executive. Ho har som mål å vera ein brubyggjar både mellom NHH og næringslivet og internt i NHH-miljøet.

29.09.2014 - Hallvard Lyssand


Birthe Kåfjord Lange byrjar i stillinga som sjef for etter- og vidareutdanningsverksemda ved høgskulen ved like etter årsskiftet.

41-åringen kjem frå Statoil, der ho har arbeidd sidan 2009 og mellom anna har hatt ansvaret for leiar- og personellutvikling i forretningsområdet Development and Production Norway. Ho har også arbeidd for Amesto Group.

Kåfjord Lange er på ingen måte nokon nykomar ved NHH. Ho tok Høyere Avdelings Studium i perioden 2001 til 2003, vart deretter doktorgradsstipendiat. Ho disputerte i 2008 med avhandlinga It's About Time, A Study of Norwegian Managers' handling of time at work.

Ho har undervist både ved NHH, i regi av NHH Executive og på andre høgskular, og vore rettleiar på mellom anna Mastra og programmet Markedskompetanse for norsk sjømatnæring, samt på AFF sine leiarutviklingsprogram.

Brubyggjar

- Kva var det som freista med NHHE-jobben?

- No skal eg passe meg for ikkje å trakka nokon på tærne, men for meg er dette den mest spennande jobben på heile NHH, svarar Kåfjord Lange.

- Eg ønskjer å vera ein brubyggjar både mellom NHH og næringslivet. NHH har ein fantastisk kunnskapsbase som næringslivet kan ha stor nytte av, og samtidig har fagmiljøa mykje å henta frå dei praktiske erfaringane næringslivet sit på. Her har alle noko å henta frå kvarandre, held ho fram.

- Samstundes ønskjer eg å byggja bruer internt i NHH-miljøet, slik at NHH Executive kjem endå tettare på resten av NHH, AFF og SNF. Då kan vi jobba saman for å realisera gode idear og mogelegheiter.

- Det er så mange som har eit stort engasjement for og gode erfaringar frå NHH, men korleis skal vi få nytta dette betre? Stikkordet er samarbeid og gode alliansar med både alumni, bedrifter, universitet og høgskular eller andre institusjonar, fastslår ho.

- Kva tilfører du personleg til jobben?

- Etter å ha vore i systemet då eg tok doktorgrad, meiner eg at eg kjenner den akademiske verda. Samstundes har eg også vore på «den andre sida av bordet» lenge, og eg trur kombinasjonen av erfaringar frå næringsliv og akademia gjer at eg kan forstå begge partar, seier Birthe Kåfjord Lange, og avsluttar:

- Eg gler meg til å koma i gang!


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive