Påverka av yrkesdeltakinga til mor

Menn blir forma av arbeidsstatusen til mødrene sine. Har dei hatt aktive, fulltidsarbeidande mødrer, er dei mykje meir positive til likestilling. Men framleis misliker menn at kvinner tener meir enn dei. In English

07.01.2014 - Bendik Wilhelm Nagel Støren


I ein ny studie viser Aline Bütikofer at det er ein samanheng mellom kva haldningar menn har til kjønnsroller, og i kva grad kvinner deltek i arbeidsmarknaden. Resultata taler for at haldninga til mennene er forma av arbeidsstatusen til mødrene deira, noko som igjen påverkar yrkesdeltakinga til kvinner i neste generasjon.

Mor i arbeid

Forskinga til Bütikofer tyder på at barnehagesatsinga til den førre regjeringa kan ha vore eit fornuftig tiltak.

- Barnehagesatsinga til dei raudgrøne var god politikk dersom ein vil at menn i framtida skal vere positive til kvinner i arbeid.

Det seier Aline Bütikofer ved Institutt for samfunnsøkonomi, NHH.

I forskingsartikkelen «Revisiting 'mothers and sons' preference formations and the female labour market in Switzerland» har samfunnsøkonomen sett på mekanismane rundt kvinners inngang på arbeidsmarknaden og korleis oppfatningar om kjønnsrollene blir forma og speler inn.

- Studien viser at haldningane menn har til kjønnsroller, i stor grad samvarierer med kva rolle deira eiga mor hadde då dei voks opp. Menn som voks opp med ei mor i arbeid, vil sjølve ikkje mislike at kona arbeider. Det vil igjen gjere det meir attraktivt for kvinner å arbeide, for å tiltrekkje seg desse mennene, seier Bütikofer.

Studien hennar tek utgangspunkt i ein studie av Fernández, Fogli og Olivetti frå 2004, som seier at haldningsendringar hos menn kan ha vore ein viktig faktor for at kvinner kom ut i arbeidslivet i USA.

Bütikofer har gjort ei liknande undersøking med data frå heimlandet, Sveits.

Krigseffekt

- I 1970-, 80- og 90-åra blei det enormt mange fleire kvinner i arbeidslivet, både i USA og i resten av verda. Det er nok snakk om fleire effektar i denne prosessen, men forandringar i preferansane kan vere ein del av forklaringa, seier ho.

Andre forskarar har trekt fram at dei nye hushaldsapparata hadde mykje å seie, for dei letta dei tradisjonelle arbeidsoppgåvene kvinnene hadde i heimen. Auken i servicenæringa blir òg rekna som svært viktig, for det er her flest kvinner har vore tilsette.

- Andre verdskrigen fungerte nærmast som eit startskot for denne utviklinga. Det hadde ikkje vore nokon særleg aksept for kvinner i arbeid, i alle fall ikkje i industrien, men med krigen blei det eit veldig behov for arbeidskraft sidan mennene var ved fronten og kjempa. Dermed fekk plutseleg ein heil generasjon unge gutar oppleve at mor var i arbeid, seier Bütikofer.

Haldningar blir forma

I ein studie av danske data som er gjord av Jens Bonke og Martin Browning (frå 2009), kjem det fram at menn er mindre nøgde både med den finansielle situasjonen sin og med livet generelt dersom kona bidreg til å forsørgje familien.

- Bonke og Browning ville belyse denne forskjellen i tilfredsheit. Studien viser at menn reagerer negativt dersom kvinnene tener meir pengar enn dei, mens kvinnene ikkje reagerer negativt dersom mennene gjer det, seier Bütikofer.

Ut frå dette kan ein konkludere at menn burde jobbe meir, men Bütikofer meiner at det må nyanserast.

- Dersom teorien til Fernández, Fogli og Olivetti stemmer, tyder studien min på at desse haldningane er i endring, og at det nesten ikkje vil finnast menn som reagerer slik om berre nokre tiår, seier ho.

- Desse to studiane kan lesast som eit forsvar for kvar sin familiepolitikk. Har det spelt noka rolle for deg i arbeidet ditt?

- Nei, eg har ikkje tenkt på det, og dette er ikkje nokon artikkel som er ment å gi råd til politikarar, heller. Studien min viser berre eit augeblikksbilete av samanhengen mellom preferansane til menn, den tidlegare yrkesstatusen til mødrene og talet på kvinner i arbeid, seier Bütikofer.

Tilrettelegging

Undersøkinga til Aline Bütikofer er basert på ei omfattande undersøking i Sveits, Swiss Household Panel 2005. Ho meiner likevel ikkje at relevansen avgrensar seg til heimlandet.

- Eg har ikkje tal for Noreg, men eg meiner at det kan vere relevant for ganske mange land, seier ho.

Det er likevel verdt å merkje seg at Sveits har ein meir konservativ familiepolitikk enn Noreg.

- Sveits i 2005 kan samanliknast med Noreg for 20 år sidan på dette området. Det er ein veldig høg prosentdel kvinner i arbeidslivet i Sveits, men få av dei jobbar fulltid. Det er fleire grunnar til det, mellom anna blir skatt berekna felles for familien, slik at det blir ein svært høg marginalskatt for ei inntekt nummer to. I tillegg er barnehagetilbodet lite og dyrt, fortel ho.

- Kva lærdom kan vi trekkje av denne undersøkinga?

- Vi skal vere forsiktige med å vere bastante, for eg har berre sett på korrelasjonar, ikkje på kausalitetar. Men studien styrkjer trua på at teorien om preferanseforming er gyldig. I tillegg er det ikkje ei urimeleg slutning at barnehagesatsinga til dei raudgrøne var god politikk dersom vi vil at menn i framtida skal vere positive til kvinner i arbeid, seier ho

Artikkelen er hentet fra siste nummer av NHH Bulletin, nr. 3/2013


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive