Viser karrierevegen
Diskret dressar og drakter, masse messeveggar og enorme mengder gratis Twist. Det er definitivt Karrieredag.
02.10.2014 - Hallvard Lyssand
Karrieredagen i regi av Næringslivsutvalet i NHHS samlar ei perlerad av norske og internasjonale verksemder frå alle sektorar på NHH, slik at dei og studentane kan presentera seg for kvarandre.
I tillegg til bøttevis av karriererelatert info kan studentane sikra seg ei livstidsforsyning av ganske så gratis «hand outs» i form av alt frå kulepennar til snop.
Tendensar til trengsel på den internasjonale arenaen i nybygget.
NHHs internasjonale karrieresenter (ICC) var på plass med stand i nybygget.
Potensielle arbeidsgjevarar stiller i rikt monn. Nokre, som Facebook, er framleis relativt nye....
...andre, som P&G har lengre bedriftshistorie å visa til.
Aulaen og nesten alle korridorar frå Service- til nybygget er fylt med messeveggar og bedriftsrepresentantar.
Nytt av året: piler på golvet viser veg til rett stand.
Twist er den klart mest tilbydde sjokoladen under Karrieredagane. Paraplyens utsende valde å forsyna seg med ein banan-twist frå sjølvaste Riksrevisjonen.
|