Uavhengheitskampen

Kronikk: Det er meir enn fotball som står på spel når F.C Barcelona og Real Madrid barkar saman i kveld, skriv Johannes Nymark i Klassekampen lørdag 25. oktober 2014.

28.10.2014 - Johannes Nymark


Då klubbpresidenten i FC Barcelona Josep Sunyol blei skoten av general Franco sine troppar 6. august 1936, gjorde det eit kolossalt inntrykk i Catalonia. Sunyol var allment respektert i regionen og var òg ein framståande parlamentsmedlem for ERC (Catalonias Republikanske Venstre) under den 2. spanske republikken (1931-1936).

På 1930-talet hadde FC Barcelona etablert seg som identitetsmerke for den katalanske rørsla. Konservative og progressive fann samklang i oppslutninga om klubben, og i åra 1932-1935 var Pompeu Fabra - katalanarane sin Ivar Aasen - leiar for kulturseksjonen der han gav mellom anna kurs i katalansk språk. Den seinare erkerivalen Real Madrid blei det viktigaste laget i den spanske hovudstaden etter borgarkrigen, i Franco-diktaturet. Då Barcelona frå 1960-talet av stod fram som faneberar av demokratiet, blei kontrasten til Real Madrid - diktatoren sitt lag - ekstra markant.

Under Franco-regimet (1939-1975) blei det suksessrike laget Real Madrid utnytta i propagandaen. Når Real Madrid spelte sine store kampar på heimebana på 1950- og 1960-talet, fann diktatoren sjølv det opportunt å innta hovudsetet på ærestribunen saman med notabilitetar frå fotball og politikk, for å sola seg i sigersglansen. I denne perioden påverka diktaturet både resultat og fotballmarknad via Den nasjonale sportsdelegasjonen og Det kongelege spanske fotballforbundet, som begge var styrde av ei falangistrørsle med politisk monopol.

Dei motkulturelle tendensane ein kunne observera mot Franco-regimet på 1960-talet forsterka seg tiåret etter då diktaturet litt etter litt miste grepet, spesielt etter at diktatoren sjølv døydde i 1975. Catalonia var det udiskutable senteret for motkulturen i den aller siste perioden av Franco-tida. Dette såg ein særleg innan protestsongen, i forlagsbransjen og på FC Barcelona sitt stadion Camp Nou.

Overgangen til demokrati etter 1975 tona ned motsetningane mellom Barcelona og Madrid. Kommersialiseringa av fotballen frå 1980 førte fotballindustrien inn mellom dei største industrigreinene, i takt med utviklinga av økonomien i retning av ein nyliberalistisk kasinokapitalisme. I Catalonia kom kampen for språket i første rekkje no, saman med ein stille strid for å få desentralisert stadig meir makt til regionalt nivå gjennom vedtektene for indre sjølvstyre.

Merkevara FC Barcelona har vore forbunde med det katalanske samfunnet på mange måtar. I styret har ein lagt vekt på at det skulle vera representantar for næringslivet, for bankar og finansverksemd, for kulturlivet og for politiske grupperingar. Ein kan hevda at ei viktig gruppe manglar, nemleg arbeidarrørsla. Men ved å gjera fotballklubben til ein vesentleg ingrediens i bygginga av katalansk identitet, klarte dei politisk leiande sektorane i Catalonia å få med seg også dei store folkelege gruppene i arbeidar- og underklassen.

Mellom dei mest katalansk orienterte kunne ein i 1980- og 1990-åra merka ein viss frustrasjon når det gjaldt Barça som flaggskip for katalansk identitet. I samband med klubben sitt 100-årsjubileum i 1999 snudde vindane, og politiske grupperingar overgjekk kvarandre i å lova store prosjekt. Entreprenørar frå bygg og anlegg gjorde seg no sterkt gjeldande, først i Barcelona, sidan òg i Real Madrid. Tilfeldig? Neppe. Milan-eigar Silvio Berlusconi kom frå den same næringa, der økonomisk kontroll internasjonalt er om lag like dårleg som i fotballen.

Utover på 1990-talet blei VIP-tribunane folkesett med personar som i første rekkje var der av økonomiske og politiske grunnar. I det konservative Partido Popular sin regjeringsperiode frå 1996 til 2004 var Santiago Bernabeu eit maktsentrum med statsminister José María Aznar i spissen. I dag er det kommunen Madrid som spelar førstefiolin.

«Dei nyttar tyren som identitetsmarkør. Vi har forbode tyrefekting. Vi tillèt ikkje røyking på stadion og vi straffar dei som bryt forbodet. Dei held fram med å røyka på stadion», skriv journalist Ramon Miravillas om kontrastane mellom (Real) Madrid og Barcelona. Motsetningane har eksistert i dei to siste hundreåra, frå synsstaden til eit Barcelona som ser på seg sjølv som mykje meir moderne og meir ope for nye idear og impulsar enn den spanske hovudstaden.

I dag støttar FC Barcelona kravet om folkerøysting i Catalonia for å avgjera om regionen skal gjera seg fri frå Spania. I Madrid skrik ein opp om at el Barça ikkje vil kunna spela i den spanske ligaen dersom Catalonia blir eigen stat, då håpar ein at mange katalanarar vil tenka seg om fleire gonger før dei røystar for politisk frigjering.

Den spanske utdannings- og kulturministeren José Ignacio Wert kasta meir eld på eit flammande bål då han tok til orde for å «spanjolisera» Catalonia. Det er ikkje til å undrast over at katalanarar privat meiner ein no er på veg attende til eit autoritært regime dirigert frå Madrid.

Hadde det vore val i Catalonia i dag, ville Josep Sunyol sitt parti frå 1930-talet, ERC, ha vunne ifølgje meiningsmålingane. ERC er, også i dag, det katalanske partiet som mest massivt går inn for lausriving. Sjølv om det ikkje blir ei bindande folkerøysting 9. november, er konfliktane mellom det sentralistiske Madrid og det fridomskjempande Barcelona langt unna ei løysing. Polariseringa vil òg merkast i «el Clásico» mellom Real Madrid og FC Barcelona i kveld.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive